lørdag 15. mars 2025

Reisedagbok: Tur til Texas - Dag 3

Reise til Houston Texas 12. mars til 14. april 2025.

- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -

14. mars

Vakna med gangsperre. Tidleg.

Gjekk gjennom morgonrutinene: 

Frokost
Nokre greier i samband med fastetida.
Treningstur før det blei for varmt ute.

Fastetida

Når ein er katolikk er det nermast umuleg å ikkje få med seg at no er det fastetid. Fastetida som er ei førebuing til påska, ei tid der vi blir oppmuntra til til ein skjerpa fokus på det vi trur på. Kva er det vi gjer? Det blir vi oppmuntra til å halde for oss sjølve :)

Tur til HEB i Tomball

Vi handlar vanlegvis daglegvarer på HEB i Tomball. Omlag 10-15 min å køyre heimafrå. På vegen fylte vi bensin. Vi fylte ni gallon og betalte 30$. Det blir kr. 9,40 pr liter. Dei klagar på at bensinen har blitt dyr dei siste åra.

HEB kan absolutt ikkje samanlignast med Nærbutikken på Rovde, og heller ikkje med dei største butikkane eg har besøkt i Norge. Den er gedigen.

Eit glimt frå eit hjørne i HEB. Alskens frukt i lange baner.
By the way, grønt og frukt er svært billig samanligna med Norge.


Vi avslutta dagen med å besøke Eric sine foreldre som bur fem minutt (med bil) heimafrå. Dei heiter Tommy og Cindy. Cindy inviterte oss på middag tidlegare på dagen. 

Her bur Tommy og Cindy

Inne i huset

Vi fekk servert ørret med diverse tilbehør.
Det smakte fantastisk. Takk Cindy.

Ingrid og Helga gaflar i seg.


Det var den dagen.

Vil avslutte med eit bilde av ein eldre herremann som bur hos Helga og Eric.
Han heiter Louie og er mest oppteken av mat og soving.

Louie held seg nær Ingrid på kjøkenet og håpar på nokre godbitar.


3 kommentarer:

  1. Kjekt å lese dagbok og få bli med på tur. No synast eg det er Helga som liknar på mamma <3

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk. Vi får sjå om er greier å få ut noko kvar dag. Ikkje alle dagar det skjer noko. Om Helga liknar på Ingrid . . . nja :)

      Slett
    2. Berre på det bildet der dei gaflar i seg. Elles ikkje.

      Slett

Signer gjerne med navn viss du ikkje vil være anonym :)