Reise til Houston Texas 12. mars til 14. april 2025.
- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Laurdag 22. mars
Det som er fint her, mellom mange andre fine ting, er å kunne sette seg utanfor huset om morgonen utan å fryse ihjel og høyre på fuglekvitter. Her er eit yrande fugleliv, utan at eg veit eller har prøvt å sette meg inn i kva dei forskjellige fuglane heiter. Denne dagen filma eg ein liten tass som stod på toppen av ei gatelykt og som hadde eit svært avansert reportoar.
Denne dagen var Ingrid og Helga invitert på
Baby Shower hos ei veninne av Helga.
 |
Då har damene pynta seg og er klar for Baby Shower. |
Medan damene var på Baby Shower, tok eg og Eric og planta appelsintreet ( ref.
dag 4). Vi grov eit djupt hol i bakken, for å fylle med plantejord og gjødsel. Grunnen under plengraset er hardpakka leire.
 |
Vi grov eit djupt hol og kom over nokre vassrør som går til sprinkleranlegget i hagen. Dette slår seg på kvar tredje dag slik at plen og planter overlever varmen. |
 |
Treet har komt i jorda. Som de ser tydeleg er ikkje plenen heilt grøn enno. Det er ikkje samme type plengras som heime, men ein sort som toler varmen. Ein stiv sort som ikkje er så behageleg å gå barfot på. |
 |
Litt bark på toppen. Mission completed. |
Når damene hadde komt heim tok eg og Ingrid bilen og køyrde til St. Anne Catholic Church i Tomball for å være med på messe klokka fem. Ingrid sa etter messa at denne forsamlinga kunne ho ha likt å vore ein del av. Messa var ein fin kombinasjon av det høgtidlege og det liturgiske, med røykelse og ministrantar, leia av ein laidback, uhøgtidleg og karismatisk prest og fengande songar, blandt anna negro spirituals.
 |
På veg inn |
 |
Fann ein fin sitjeplass |
 |
Mykje folk |
Denne kvelden var alle slitne etter nokre litt hektiske dagar. Dei fire som har adresse her la seg tidleg etter at vi hadde sett Stjernekamp. Heile gjengen reiser grytidleg søndag til Lakewood Church. Eg og Ingrid hadde planar om å bli med, men valgte ein roleg slaraffen-søndag istaden. Vi satsar på å bli med neste søndag.
Ingrid la seg også nokså tidleg, så eg avslutta dagen med Kompani Lauritzen.
Life is good.
Så koselig å lese om dagene dokka der borte i Texas. Hels så mykje til resten av gjengen
SvarSlettHelsing Oddrun
SvarSlettTakk for kommentar. Skal helse ja :)
Slett