Reise til Houston Texas 12. mars til 14. april 2025.
- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -
11. og 12. mars
Tenkte eg skulle skrive ei lita dagbok frå årets amerikatur. Vår datter Helga har altså busett seg i Houston, nermare bestemt i ei gate som heiter Red Clover Dr i eit område som heiter Magnolia eit stykke utanfor tjukkaste byen. Du finn området i Google Maps viss du søker der. På Yr.no kan du søke på Baker Cementery Magnolia viss du lurer på kva slags vær vi har.
Helga er gift med Eric, og dei bur i eit ganske nytt boligstrøk saman med sine to born, Filippa, ni og eit halvt år og Karl, sju år.
I forfjor sendte vi ein pakke til dei i god tid før jul. Området Magnolia er med i adressa. Pakken kom ikkje fram. Vi trudde lenge at det var på grunn eit kaosproblem som oppstod i Houston, der mange pakkar hamna på eit gedigent lager. Ut på nyåret (2024) tok vi kontakt med postverket i Norge og høyrde om dei kunne prøve ein gong til å spore pakken. Vi hadde då prøvt dette fleire gongar. Så plutseleg, eit par dagar seinare fekk vi melding om at pakken var funnen. Den hadde havna i Mongolia! Pakken vart så sendt i retur til oss. Då oppdaga vi at vi hadde gløymt å skrive USA nederst i adressa. Så det var no litt vår eigen feil. Men Texas var med, så, ja ja, slik gjekk det.
Transportetappen
Reisa starta faktisk 11. mars med bil. Først til Søvika for helse på vårt fem dagar gamle barnebarn. Barnebarn nummer åtte. Ei jente som får navnet Margot. Foreldra er Camilla og Sigve (vår førstefødte), og dei har to jenter frå før, Palma og Paula. Kjekt å ha litt familie i nærleiken også.
Frå Søvika gjekk turen til Vigra, så fly med KLM til Shiphol Amsterdam der vi hadde overnatting på eit hotell rett attmed flyplassen. Så, onsdag tolvte mars vidare med KLM til Houston der vi landa i halv tre tida lokal tid.
På veg til Amsterdam |
På veg til Houston. Ingrid strikkar som vanleg. |
Kjempekos :). Det er alltid ein glede å få dokke på besøk.
SvarSlettKjekt å få fylgje med på reisa og opphaldet. Vi gler oss med dokke❤️ Åshild.
SvarSlett