fredag 28. mars 2025

Reisedagbok: Tur til Texas - Dag 16

Reise til Houston Texas 12. mars til 14. april 2025.

- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -

Torsdag 27. mars

Politikk

Må nesten skrive nokre setningar om Trump. Ein effekt av Trumps politikk så langt er at dollaren har svekka seg. Dei norske økonomane meinar dette skjer fordi globale investorar og spekulantar ikkje lenger ser på dollaren som ei trygg havn. 

Då vi planla turen hit kosta ein dollar ca. 11,45 kroner. No kostar den 10,45. Det har med andre ord blitt billigare for oss å vere her. 

Det var alt om politikk :)


Trumpern

Torsdagen

Eg starta dagen med å male ferdig benken og er no klar for neste prosjekt; eit hønsebur.

Maling

Kveldsbilde med Filippa etter at malinga har tørka

Som mor, så datter. Likar å posere :)

Onsdag kjøpte vi fersk laks på HEB til torsdagens middag. Vart litt overraska over prisen. Omrekna til kroner pr. kilo kom eg fram til 179 kroner. Laksen kjem frå Atlanterhavet, sannsynlegvis frå Alaskakysten.

Fersk laks. 1,73 kg. Texas Size Pack.

Ferdig oppkutta.

Denne kvelden hadde vi invitert Tommy og Cindy på middag. Ingrid kokkelerte ein meksikansk-inspirert  rett; steikt laks med salt og pepar og litt chilli-krydder, ein mangosalat, guacamole og ris.




Maten er servert. Tommy kom litt seinare, men maten var framleis varm. Ungane gafla også i seg kvart sitt stykke med laks :). Kjempegodt var det!




















Nærbilde av maten

Etter at vi hadde fortært maten, vart vi sitjande ved bordet og prate om laust og fast. Her er Karl sitt innlegg i debatten:




God natt. Snart helg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Signer gjerne med navn viss du ikkje vil være anonym :)