Reise til Houston Texas 12. mars til 14. april 2025.
- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Fredag 28. mars
Dagen starta bra. Fredag er fridag for Helga og Eric, så det var lagt planar. Først var planen å reise til Vintage Park og stikke innom ein sigarbutikk (!!) og så fare på Meksikansk restaurant.
 |
Eric likar å starte dagen med å sjå på Fox News. Her eit innslag om Bruce Springsteen og Johnny Depp som spelar konsert for å hedre Patti Smith. |
 |
Eric og Helga sin bil. Ein Chevrolet Tahoe, 2007 modell som som er køyrd godt over 400 000 km. |
 |
Ingrid er klar for tur |
 |
Lone Star Tobacco |
 |
Sigarar i lange baner. Eg såg ikkje ei einaste åtvaring om at røyking er helseskadeleg :) |
 |
Gedigent utvalg. |
 |
Feite sigarar |
 |
Eit sigarmagasin |
 |
Eit anna. |
 |
Så gjekk turen til Ambriza meksikansk restaurant for å få oss lunsj. Det stod ei seniorita ved inngangen og eg spurte om eg kunne ta bilde av henne og det var heilt greit. |
 |
Vi får alltid tortilla-chips og dipp før maten blir servert på denne typen restaurantar. Eit lite måltid i seg sjølv. |
 |
Snadder |
 |
Allereie her tok eg til å kjenne meg uggen. Prøver å smile. |
 |
Ingefær-shots som avslutning. Eg drakk det opp, men vart berre meir og meir uggen. |
 |
Siste bildet eg tok. |
Gjengen hadde fleire planar men av hensyn til meg, vart det bestemt å køyre heim, via HEB der vi blant anna kjøpte røykalaks (omlag like dyr som i Norge) og egg (dyrare enn i Norge).
På veg heim vart eg meir og meir uggen, og tenkte at eg var i ferd med å bli sjuk. Såg litt mørkt på framtida.
Vel heime gjekk eg rett i seng og sov eit par timar.
Når eg stod opp var forma betre. Så vart eg betre og betre og til slutt heilt bra.
Ein litt merkeleg dag. For meg.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Signer gjerne med navn viss du ikkje vil være anonym :)