Reise til Houston Texas 12. mars til 14. april 2025.
- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Laurdag 29. mars
Planen for dagen var å reise til Tomball og oppleve Tomball German Heritage Festival, ein festival til ære for tyskætta innbyggarar. Så vart planane brått endra. Eric fekk melding om at den nye trampolina han hadde bestilt var på veg. Vi tenkte, kan vi klare begge deler? Men utpå dagen, i varm og fuktig luft, konkluderte vi med å skippe festivalen.
Først eit bilde av Filippa som kosar med Louie. |
Her tek vi imot pakkane. Pakkane var tunge. Å filme var lett :)
Her har delane delvis utpakka. Temperaturen var framleis leveleg. |
Her går det sakte men sikkert framover. |
Fjører skal på plass.
Trampolina tek form. |
Etter kvart vart det trykkande varmt i sola og vi laga oss ein pauseplass i skuggen. |
Jobbing med sikkerheitsnettet. |
Vi strevar på. |
Og strevar på. |
Så endeleg var vi ferdige. |
Filippa, Helga og Michelle (nabokona) testar ut den nye trampolina. Den funka alldeles strålande.
![]() |
Helga og Michelle slappar av etter hoppinga med diverse forfriskningar. |
Ingrid laga pizza. God som vanleg.
Alle vart litt segne etter strevet i sola.
Alle vart litt segne etter strevet i sola.
I morgon vert eg og Ingrid med til Lakewood Church.
Ei av dei største kristne forsamlingane i USA.
Ei av dei største kristne forsamlingane i USA.
Vi må stå opp grytidleg, så er vi fornuftige vert det tidleg kveld.
Vi får sjå.
Vi får sjå.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Signer gjerne med navn viss du ikkje vil være anonym :)