tirsdag 25. mars 2025

Reisedagbok: Tur til Texas - Dag 13

Reise til Houston Texas 12. mars til 14. april 2025.

- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -

Mandag 24. mars

Ein varm dag. 29 grader på det meste.

Dagens prosjekt var å lage ein benk. Vi hadde kjøpt materiale av ukjent kvalitet på Lowes, så eg var spent på korleis det egna seg. På grunn av varmen og intens sol, holdt eg til inne i garasjen. Fasilitetane for snekring var enkle, men eg sette igang litt etter frokost.

 

Her er eg godt igang. 


Louie inspiserer og ser litt skeptisk ut.

Sånn, då er benken nesten ferdig. Den skal malast med svart utemaling. Resultatet vart over all forventning. Solid og stødig. Materialet var greit å jobbe med, så får vi sjå om det tåler tidens tann.

Her er det aktivitet ved det store Hay bordet (dansk design). Eric jobbar med grafisk design av ting og tang, som skal brukast i påska. Då vi la oss i elleve-tida holdt han framleis på.   

Etter eit besøk på Hobby Lobby i Tomball, kunne Ingrid kose seg med å lage julepynt til årets julemesse. 

Helga teiknar

Benken by night, sett innanfrå.


Vi har snakka om diverse andre byggeprosjekt. Det mest aktuelle, er eit hønsebur. Fire Silkie-kyllingar er bestilt og vil kome før vi reiser heim. 

Silkies

Vi tenker oss eit bur omlag som dette. Dette blir moro og etterkvart kjem det egg :)


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Signer gjerne med navn viss du ikkje vil være anonym :)