Reise til Houston Texas 12. mars til 14. april 2025.
- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Søndag 16. mars
Nok ein slaraffendag. Tid til ettertanke. Helga og Eric reiste på jobb grytidleg og hadde med seg Karl. Filippa vart heime fordi ho hadde fått ein allergisk reaksjon av eitt eller anna slag og var hoven rundt augene. Når ho stod opp såg vi at det var mykje betre, og ut på dagen var det heilt vekk.
Filippa er eit fredeleg vesen når ho er åleine. Ho trives tydeleg i sitt eige selskap. Ho styra med eitt eller anna oppe på loftet i timesvis. Av og til høyrde vi tralling og synging der oppe. Koseleg.
Vi høyrde søndagens tale til Erik Varden, biskop for Trondheim prosti. Som vanleg var det knallbra.
Appropo Varden. I fastetida brukar eg å lese ei passande bok kvart år. I år valgte eg Vardens bok "Healing Wounds". Boka er ein refleksjon eller meditasjon fokusert på Jesu kropp. Det eg har lest så langt er veldig bra, djupt, inspirerande, oppløftande og så vidare. I tillegg har Varden eit stort ordforråd. Eg må stadig slå opp i ordboka. No har eg til dømes lært at gibbet er galge på norsk og atrocious er grusom. Orda vart i brukt i nokre setningar om korset og korsfestelsen.
![]() |
Slik ser boka ut. |
Ut på dagen baka Ingrid bollar. Alltid like populært.
Ferske bollar. Flaska til venstre kjøpte vi i Amsterdam. Gave til Eric. Han likar å ta seg ein knert med whiskey av og til. |
Donald Jump
For nokre år sidan dikta eg opp ein figur som heiter Donald Jump. Donald Jump var svært aktiv og hoppa på trampoline saman med ungane, noko som førte til kraftig gangsperre og smerter i ryggen. Men denne figuren har festa seg i minnet til ungane, og det har resultert i eit stadig mas om at Donald Jump skal bli med å hoppe. Så langt har eg vore avvisande til dette, men eg må vel trø til snart. Med litt beherska hopping. Men ungane hoppar. Her er eit videoklipp med Filippa i aksjon:
Vi nyt dagane. Storkosar oss!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Signer gjerne med navn viss du ikkje vil være anonym :)