onsdag 4. august 2021

Ekteskapskrisa

Då alt rasa

Eit mørkt kapittel i livet til meg og Ingrid.

Årstalet er 1989. Eg er gift med Ingrid, har tre barn og bur på Ytterland på Valderøya. Eg har siste åra jobba i oljebransjen, vekependla, d.v.s jobb mandag til torsdag og så langhelg.

Eg hadde bevega meg langt vekk frå Gud (men han var nok ikkje langt vekke frå meg). Eg såg på meg sjølv som fritenkar. Eg hadde utvikla meg til ein introvert og sjenert person. Eg hadde to vener på Valderøya og synest det var rikeleg. Ingrid var stikk motsatt. Ho kjende dei fleste og hadde mange vener. Likevel kjende ho seg verdlaus på innsida.

Eg hadde det absolutt ikkje bra i vekene, og alt stod og fall med at vi skulle ha det bra i helgane. Men det hadde vi ofte ikkje. 

Ei helg køyrde vi ein tur ut på Giske og gjekk ned i fjøra. Ingrid ville snakke med meg om noko. Så sa ho at ho ville vi skulle skille oss. Ho sa vi hadde glidd frå kvarandre og at ho ikkje hadde følelsar for meg lenger. Eg tok det ikkje så tungt i starten. Trudde ikkje det var så alvorleg. Trudde det skulle gå seg til.

Så skjøna eg etterkvart at det var alvor. Ingrid hadde blitt forelska i ein annan mann, ein som sette pris på henne, ein som såg henne og likte henne og var forelska i henne. 

Då var det som heile livet mitt rasa saman og eg tok til grine. Det var ei demning som brast. Det var 15 år sidan sist eg grein. Den gongen grein eg i dagevis etter at far min døydde i ei ulykke. Etterkvart greidde eg å ta meg saman og slutta heilt å grine. Så gjekk det altså 15 år utan grining, men no brast demninga. Eg grein og grein og det irriterte Ingrid voldsamt!

Vi ramla begge ned i eit djupt, svart hol. Grininga og sjalusien min gjorde situsjonen berre verre og verre. Eg vart sjukmeld. Både eg og Ingrid mista matlysta. Ingrid vart etter kvart 46 kg og eg 60. Vi måtte ha sovetablettar for å sove, men sovetablettane gav oss mareritt. Det var ei forferdeleg tid.

Søstra til Ingrid, Eldbjørg, og mannen hennar, Trygve, som var prest i Sykkylven, tok til å hjelpe oss. Dei kom og rydda i huset og kjøleskapet (!) og snakka med oss og prøvde å snu situasjonen. 

Ungane vart sendt til besteforeldra i Ørsta. Vi var heilt apatiske.

Etter ca 3 mnd var alt heilt fastlåst. Ingrid var absolutt ikkje interessert i å prøve på nytt. 

Alle, inklusive meg var no innstilte på at det kom til å ende med skilsmisse.

Då alt snudde

Så ein kveld var Ingrid på besøk med Eldbjørg og Trygve. Denne kvelden fekk dei besøk av eit ektepar som var misjonærar i Israel, Bjørg og Terje Bakke. Dei spurde om dei kunne få be for Ingrid. Ingrid såg ikkje heilt poenget med dette, men gjekk no med på det. Terje tok til å be for henne og Ingrid har seinare sagt at når han bad for henne var det som om han kjende henne og talte rett inn i livet hennar. Bjørg kom med oppmuntringar til Ingrid og sa ho var fin. Dette gjorde inntrykk på ei som følte seg verdlaus og langt frå fin.

Etterpå sette Ingrid seg utanfor huset for å ta seg ein røyk. Så såg ho opp mot himmelen og bad "viss du finns Gud, så ta vekk skyene og vis deg på himmelen". Det skjedde ingen ting. Så bad ho til Gud om at ho måtte få sove utan tablettar om natta. Så gjekk ho og la seg utan å ta tablett, og sov heile natta!

Neste dag var ho ifølge søstra heilt forandra. Ho ville avstad og å kjøpe strikketøy, apatien var som blåst bort, og det aller viktigaste, ho ville at vi skulle prøve på nytt! Ho som absolutt ikkje ville dagen før, ville no.

Denne natta snudde alt.

Jesus greip inn i livet vårt.

Den som les dette kan gjerne tenke seg andre forklaringar på det som skjedde. At det kanskje var psykiske eller fornuftsmessige ting som gjekk seg til på ein heilt naturleg måte. Men vi som kjente situsjonen frå innsida, vi som kjente det på kroppen, vi som gjennomlevde marerittet eller såg det på nært hald, vi må berre konkludere med at det skjedde eit mirakel.

Nokre månader seinare vart huset på Valderøya solgt og vi flytta til Sykkylven for å prøve å starte på nytt. Vi leigde eit gammalt hus, Erik-garden. Eg starta ein sjarmoffensiv som etterkvart gav resultat. Sakte men sikkert skjedde ei endring. Vi vart etterkvart kalla turtelduene.

Dette vart eit vendepunkt på mange områder. Ikkje minst åndeleg og kunstnerisk. 

Det kunstneriske kan kanskje illustrere litt av det som skjedde. Før denne krisa lagde eg mange dystre tegningar i svart/kvitt. Etter krisa vart det ein eksplosjon av fargar og lystbetonte eller humoristiske motiv. Her nokre få eksempel:

FØR





ETTER





Etter dette vart ikkje livet ein dans på roser. Vanlege liv er vanlegvis ikkje det. Men kjærleiken har vore levande (sjølvsagt med nokre ups and downs) heilt fram til idag, 32 år seinare. For oss er dette det sterkaste og viktigaste som har skjedd i livet vårt. Historia om den gongen Gud greip inn i Ingrids vilje, frå å ikkje ville til å ville prøve.

Det vi har lært, og stadig lærer av dette:

  • At Gud har makt til å gripe inn i vanskelege, umulege stitasjonar og snu opp ned på alt. Når det ser som mørkast ut, kan han kome med sitt lys og vise vegen inn i nye spennande landskap som ein ikkje veit eksisterer.
  • At det er god hjelp i å ha nokon å snakke med, og det er viktig å be om hjelp. Det var nok Jesus som kom og vaska kjølskapet vårt den gongen på Valderøya! Og i samtalane var der nok dråpar med liv som var med på snu situasjonen. Stor takk til Eldbjørg og Trygve og Ingrids foreldre i Ørsta!
  • At ikkje alle ekteskapskriser endar akkurat slik som vår. Gud er ikkje ein automat. Guds vegar kan være svært vanskelege for oss å forstå. Men Gud er god og der er ein veg for alle!
  • At vi ikkje kan ta kjærleiken for gitt. Den treng service og vedlikehald. Vi brukar kansje tid og pengar på sånt når det gjeld bilar og hus og heim. Men ekteskapet treng også stadig fornyelse, oppgradering og opprydding. (note to self)

3 kommentarer:

  1. Imponerande kor open du er om ri slik livskrise. Du skriv også veldig godt Dag. Glad det gikk bra for dokke 😀

    SvarSlett
  2. Og kjekt de kom heim til bygda😀

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for gode ord May-Britt 😀. Vi trivest veldig godt på Rovde . . og så er det no kjekt når der er folk opp i Kimyra. I sommar verkar det nesten som det har vore nesten fullbooka.

      Slett

Signer gjerne med navn viss du ikkje vil være anonym :)