fredag 17. oktober 2025

Valfart til Roma 8-14. oktober 2025

2025 er jubelår i den katolske Kirka. Jubelåret starta då pave Frans åpna den heilage døra i Peterskirka på julafta, 24. desember 2024.  (Link: Heilage dører).

Eit jubelår er eit spesielt år i Kirka som vanlegvis blir feira kvart 25 år. Jubelåret er eit høve til å fordjupe seg i trua og til å leve sitt kristne vitnesbyrd med fornya engasjement. Biskopane i Norge har i denne samanheng oppfordra folk til å reise på valfart (reise til ein heilag stad/pilegrimstur) i inn og utland.

For meg og Ingrid starta det med valfart til Selja i juni saman med katolikkar frå heile Norge. Så vart vi invitert til å reise saman med våre venner Morten og Ragnhild Egeberg til Roma 10 - 14. oktober, noko vi takka ja til. Morten bestilte hotell, to rom på Guest House Relais Indipendenza.

Eg, Ingrid, Ragnhild og Morten har ein pussig felles historikk. Vi har alle vore Vineyard-pastorar, og har alle blitt katolikkar. Lang historie som eg ikkje skal rippe opp i her, men også ei historie som knyter oss saman på ein spesiell måte.

Eg og Ingrid bestemte oss for å reise eit par dagar før, altså 8. oktober. Vi bestilte to overnattingar på New Generation Hostel sentralt i Roma på grunn av sein ankomst og nattåpen resepsjon. Romet var greit nok, to køysenger, fint bad og vindauge mot bakhagen. Frokost bestod av ein croisant og ein kaffe pr. person. Dette viste seg å bli standard frokost resten av turen.

Vi kosar oss i bakhagen med standard italiensk frokost.

Torsdag labba vi litt rundt omkring. Då vi nerma oss ei stor kirke såg vi ei stor folkemengde. "La oss gå på andre sida av gata, det er ein demonstrasjon", sa Ingrid. Taxi-sjåføren hadde nemleg snakka om det kvelden før. Ved nermare ettersyn viste det seg å være ei lang kø med folk som skulle besøke denne kirka som viste seg være den pavelege basilikaen Santa Maria Maggiore⁩. Kirka der pave Frans er gravlagd, inne i kirka. Dette viste seg også å være ei av kirkene med ei heilag dør, som Morten hadde planar om å besøke. Rett att med Hostellet vi budde i. Flaks. Kjekt.

Selfie med Santa Maria Maggiore⁩ i bakgrunnen.

Plassen framfor kirka heiter ‎⁨Piazza di Santa Maria Maggiore, og på ei høg søyle er der ei statue av nettop Santa Maria, altså Maria møy som vi seier i trusvedkjenninga (på nynorsk).⁩

Som om ikkje det var nok fann vi denne i ein av gangane på hostellet! Det skulle etterkvart vise seg at Maria med Jesusbarnet dukka opp over alt i heile byen.


Etter dette traska vi rundt. Det vart etter kvart både pizza og pasta, ny overnatting, ny italiensk frokost før vi sjekka ut, tok med oss ryggsekkane våre og tok til å gå mot vår neste bustad, nemleg Guest House Relais Indipendenza. Dette hotellet viste seg å mangle resepsjon (og frokost), så eg gjekk inn på bestillinga og fann eit telefonnummer som eg ringte. Ein hyggeleg kar med grei engelsk svarte. Han ba oss vente 40-50 minutt, han var nemleg ikkje på hotellet akkurat då. Dermed fann vi oss ein plass i skyggen og bestilte nokre forfriskningar. Så ringte hotellverten og slapp oss etterkvart inn. Vi fekk nøklar, betalte og installerte oss på romet. Greit rom. Høgt under taket. Liten altan mot gata. 

Av ein eller annan grunn har eg ikkje eit einaste bilde hotellet verken frå innsida eller utsida. Anyway, etterkvart ankom Morten og Ragnhild og vi gjekk ut og åt oss ein betre middag.

Laurdag vart det bestemt at vi skulle besøke basilikaen Santa Maria Maggiore til tross for at vi åtvara mot lange køer og mykje venting i sola. Så vi traska i vei. Eller traska og traska, vi langa ut. Ragnhild er nemleg svært kjapp i ganglaget. Undervegs tok vi ei kjapp pause på ein kaffebar og fekk i oss dagens frokost, croissant og cappuccino. Så langa vi ut mot basilikaen. Og ja, køa var lang.

Pilegrim-selfie i køa. Bildet får desverre ikkje med kor lang køa var.


Medan vi stod i kø dukka dette motivet opp.


Etter ein litt treig start tok køa til å røre seg raskare. Så stoppa det litt opp, så raskare igjen og vi skjøna at folk vart slept inn puljevis. 

Vi nermar oss.


Etter å gått gjennom sikkerheitskontrollen og vidare mot inngangen dukka den heilage porten opp. Heile køvandringa tok berre 40-50 minutt.

'Eg er porten. Den som går inn gjennom meg, skal bli frelst og fritt gå inn og ut og finna beite. '
Johannes 10:9

Ingrid nermar seg den heilage porten, porta santa.




Inn gjennom porta santa.
Trykk på firkant nede til høgre for å få fullskjermvisning.


Inne i kirka



På veg inn passerte vi pave Frans sin grav. Enkel og fin.


På veg inn kunne vi høyre vekselsongen frå eitt av sidekapella. Vakker song. Eg kunne kjenne i heile meg at Gud var nær og tårer pressa på. Ei sterk oppleving.

Vi sette oss ned, bad og mediterte. Av og til høyde vi eit shhhh, og då vart det heilt stille ei stund, heilt til neste shhhh. Eg og Morten nytta høvet til gå til ein av skriftestolane for engelsk språk og vart møtt av ein hyggeleg gamal prest.


Alteret.

Bak alteret.

Under alteret.




Ein gedigen sidesal.


Taket i sidesalen. Ikkje særleg minimalistisk. Gud til ære!

Etter denne store opplevinga var det tid for lunsj, kjapp gange gjennom Romas gater mot hotellet, siesta på romet og så ut for ein middag etter at mørkret hadde senka seg.

Søndag stod vi opp relativt tidleg. Planen var å få ein brukbar plass på Petersplassen for dagens messe. Google maps fann kjappaste gangrute, ca. 1 times gange i vanleg tempo. Med Ragnhild som fartshaldar brukte vi berre litt over ein time inkludert ein stopp for dagen frokost.

Ingrid slo til med pannekaker til frokost.

Vi nærmar oss. Bru over Tiber-elva.

Utsikt mot Vatikanet.

Ingrid nyt utsikta. 

Snart framme.

Endå nærmare.

Då var vi der saman med nermare 300000 (!) andre.
Det var tjåka fullt som vi seier her heime.

Her må eg skrive litt om atmosfæren. Å være der saman med så mange katolikkar frå heile verda og kjenne på at her høyrer eg til og no er eg i sentrum, vel det var ei kjensle som er vanskeleg å skildre med ord. Frå å være bygdekatolikk, ein noko einsam tilstand, til å stå der i menneskehavet og vite at vi er ein del av den store, verdensvide, universelle katolske Kirke med stor K var stort, godt og vakkert.

Nå vi i tillegg tenker på at Paulus var her i Roma for snart to tusen år sidan, at han skreiv brevet til Romarane samt at Peter var her, den første paven, den første biskopen i Roma, samt alle dei som frå då til no har valfarta hit, ja nei då blir heile greia eksepsjonell for å seie det mildt.

Folkehavet

Så starta messa. Til trass for at alt bortsett frå nokre av tekstlesingane var på italiensk var det lett å følge med. Liturgien er akkurat den same som heime og ved å bruke den norske iphone appen Katolsk kunne vi lett ta del i messa.

Innleiande prosesjon og mektig korsang.


Pave Leo XIV innleiar messa.



Paven talar.



Observasjon.

Nattverdsliturgien.

Det er kanskje vanskeleg å sjå for seg korsleis utdeling av nattverd er muleg i ei så stor forsamling, men det skjedde. Hundrevis av prestar fordelte seg utover og delte ut.

Etter messa fann folk fram nasjonale flagg som dei vifta med. God stemning :). Før vi gjekk derifrå var vi også med på Angelus (sjå innlegget Angelus på bedehuset) leia av pave Leo.


Ein liten stans på Piazza Navona på vegen tilbake til hotellet.

Lunsj


Etter dette vart det "same procedure as yesterday", siesta først, så middag på kveldstid. God mat, gode samtalar, god stemning.

Så var mandagen komen, siste dagen. Vi hadde to mål. Morten skulle besøke ein spesialbutikk som lagar kirkelege kle. Han skulle blant anna kjøpe nokre skjorter. Morten er i prosess med å bli diakon, og då treng han diverse plagg. Det andre målet var enda ei kirke med heilag port, nemleg Laterankirken. Du kan lese meir denne kirka her: Laterankirken.

Vi la iveg, ikkje så tidleg denne gongen. Vi brukte brukte google maps og tråkla oss gjennom gatene mot butikken.

På vegen gjekk vi forbi Pantheon (alle guders tempel), gjenreist av keiser Hadrian mellom 115 og 128 e.kr. Opprinneleg bygd år 25 f.kr men vart øydelagt. Gjort om til kirke omlag år 609. Eldgamal byggekunst.

Her har vi komt fram til den spesielle klebutikken.

Stilig butikk.

Nye skjorter klar for innpakking.

Stolt eigar.

Ser ut som Ingrid har lyst på ein slik hatt.

Lunsjpause. Vi deler ein is.

På veg til Laterankirka gjekk vi forbi Forum Romanum.

Forum Romanum.

Så passerte vi Colosseum.

I ei sidegate traff vi på ein nonnegjeng.
Nonner av ymse slag traff vi på stadig vekk.

Framme ved Laterankirka. Her går vi gjennom den heilage porten.

Inne i kirka.

Inne i kirka

Pilegrimar knelar og ber.

Fantastisk mosaikk i kuppelen bak alteret.

Så nerma det seg slutten på ein fantastisk tur og slutten på eit langt blogginnlegg. Vi avrunda dagen på vanleg vis.

Ein siste tur ut i stemningsfulle gater for nyte ein betre middag.

Så mange inntrykk.
Overveldande.

Vi skal sjølvsagt tilbake og då skal vi sjølvsagt besøke Peterskirka.

Turen heim gjekk som smurt.

fredag 29. august 2025

I'd Love to Change the World

 I 1982/83 kjøpte eg ei LP-plate, eller kanskje var det ein kassett, med det britiske bandet "Ten years after". Tittelen på albumet var "A space in time" og vart utgitt i 1971. Vi (eg, Ingrid og to små born, Sigve og Ragna) budde denne tida på Melhus, og eg pendla til Trondheim der eg jobba i eit rådgivande ingeniørfirma med det velklingande navnet IGP AS. Eg hugsar eg høyrde mykje dette albumet, men det var spesielt ein song som festa seg i øyregongane. Songen hadde tittelen "I'd Love to Change the World".


Ten years after - A space in time

Her er musikkvideoen:


Her ein dag kom eg til å tenkje på denne songen. Av ein eller annan grunn. Eg tok difor og søkte opp albumet i Apple Music. Det viste seg at nettop songen "I'd Love to Change the World" er den mest populære låten til bandet. Så eg spelte den nokre gongar og ein god nostalgi fylte meg. Dei tre første setningane i refrenget er slik:

I'd love to change the world
But I don't know what to do
So I'll leave it up to you

Teksta generelt handlar om ei forvirra verd og peikar på mange ting som er gale i samfunnet. Til sist nevner den krig, som i 1971 handla om Vietnam-krigen. Ein slags protestsong der eg trur refrenget er sarkastisk. I don't know what to do, so I'll leave it up to you.

Alt dette fekk meg til å reflektere over verda vi lever i idag. Medan eg reflekterte forsvann den gode nostalgiske kjensla. Verda vi lever i, krigane som pågår for fullt og som fyller nyheit-sendingane kvar ein bidige dag. Daglege doser med folk som blir drept. Soldatar, sivile, kvinner og barn. Konsekvensane. Umenneskelege lidelsar. Flyktningar i hopetal. 

Makta; Trump, Putin, Netanyahu, Hamas, Nato, FN, og så vidare.

Eg kan berre observere alt dette, bli deprimert, resignere og sei: I'd love to change the world, but I don't know what to do. 

Eller vent no litt, der er faktisk noko eg kan gjere. Eg er kristen og eg trur på Jesus Kristus, frelsaren, redningsmannen. Eg kan be han gripe inn. Eg kan be saman med millionar av andre kristne om fred. At han som også blir kalla fredsfyrsten skal gripe inn, at han skal mobilisere dei himmelske hærskarane av englar, med erkeengelen Mikael i spissen og skape fred. Eg kan be for Trump, Putin, Netanyahu, Hamas, Nato, FN, og så vidare.

Javisst, eg kan be. 
Det er makt i de foldede hender. 
Eg kan be og det kan du også.

tirsdag 12. august 2025

Reisedagbok: Tur til Texas - Oppdatering

 Reise til Houston Texas 12. mars til 14. april 2025.

- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -

Tirsdag 12. august.

Idag har det poppa inn filmar og foto frå Houston til Rovde via messenger. Det handlar om Silkies (silkehøns) og Chicken Coop (hønsebur), glade ungar og foreldre. 

Dei som har leste denne reisebloggen har sikkert fått med seg eg bygde eit hønsehus medan vi var der borte. Det var ikkje berre enkelt, spesielt fordi det meste vart gjort under åpen himmel og ei steikande sol.

Eg kom nesten i mål. Det mangla berre litt hønsenetting og ei lita "trapp". Trudde eg. Dette skulle vise seg å ikkje stemme. Etter samtale med hønseleverandøren kom det etter kvart fram at der var vesentlege manglar på hønsehuset.

Manglar:

  • Det måtte være netting under buret, for hindre mullvarpar å trenge seg inn.
  • Det måtte være ein annan type hønsenetting med mindre hol, for å hindre slangar å trenge seg inn.
  • Det måtte være meir tett tak slik at det blir meir skugge.
  • . . . og trapp.

Så, igår kom gladmeldinga og idag kom filmar og bilder. Dei fire silkehønene er no på plass i huset sitt, med det velklingande navnet Knarrebu!

Knarrebu etter oppgradering. Det manglar framleis nokre pyntelister utvendig ifølge Helga.




Her er hønene på plass.



Ei lita omvisning.





Karl har valgt ei svart høne som sin høne og gjeve den navnet Speedy.



Filippa si høne, den orange. Ho har gjeve den navnet Chicken Litle.


Eg tok og googla levealder på silkehøner og kom fram til at dei kan verte ti år gamle. Så her kan det bli årevis med moro og produksjon av egg. 

 





onsdag 16. april 2025

Reisedagbok: Tur til Texas - Dag 34

Reise til Houston Texas 12. mars til 14. april 2025.

- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -

Mandag 14. april

(Skrive onsdag 16. april på Rovde etter ei god natt søvn med frisk luft, ope vindauge, elvesus og fuglekvitter).

Klar for transportetappen. 

Etter at bagasjen var pakka og klar såg vi på "Love is blind", svensk versjon av eit dating-program. Ikkje mitt valg, men eg sat no der og såg på likevel.

Helga et frokost og ser på "Love is blind"

Ingrid i farta på kjøkenet. Klassisk stil.



Siste kaffekoppen på favorittplassen min før avreise.



Mandag er det bosstømming.



Så dreg vi.


Inngang på George Bush interkontinentale lufthavn



Shuttle til terminal D.


Litt trist.

Men også litt kjekt



Då har vi teke avskjed med gjengen og slappar av rett ved gaten (gaiten).

Quesedilla (Kesedia).

Here we go


Det var god plass i flyet, så Ingrid la seg ned og sov mykje av turen. Eg sov ikkje. 



Då har vi komt til Amsterdam.



Litt mat på vegen.



Ingrid sovna ved gaten (gaiten) også :) 

Ankomst Vigra. Turen Amsterdam - Vigra sov vi begge to.

Kaffe og Kvikklunsj på ferja, Solevåg - Festøy.

Home sweet home. Påskeliljer og grøn plen.

Då seier eg meg ferdig med dette prosjektet, å skrive reiseblogg altså. Etter første veka tenkte eg at dette blir kanskje litt mykje. Men eg valgte å fortsette. Det vart som det vart.

No skal vi leve eit litt meir anonymt liv framover.