søndag 23. mars 2025

Reisedagbok: Tur til Texas - Dag 11

Reise til Houston Texas 12. mars til 14. april 2025.

- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -

Laurdag 22. mars

Det som er fint her, mellom mange andre fine ting, er å kunne sette seg utanfor huset om morgonen utan å fryse ihjel og høyre på fuglekvitter. Her er eit yrande fugleliv, utan at eg veit eller har prøvt å sette meg inn i kva dei forskjellige fuglane heiter. Denne dagen filma eg ein liten tass som stod på toppen av ei gatelykt og som hadde eit svært avansert reportoar.



Denne dagen var Ingrid og Helga invitert på Baby Shower hos ei veninne av Helga.  

Då har damene pynta seg og er klar for Baby Shower.



Her har dei komt fram. Helga ved bassenget

Damene mine ❤️

Ingrid kosar seg med ein Margarita :)

Ingrid kosar seg vidare

Helga og veninna Emma som er frå Romania. Emma er som de ser høggravid :)



Medan damene var på Baby Shower, tok eg og Eric og planta appelsintreet ( ref. dag 4). Vi grov eit djupt hol i bakken, for å fylle med plantejord og gjødsel. Grunnen under plengraset er hardpakka leire.

Vi grov eit djupt hol og kom over nokre vassrør som går til sprinkleranlegget i hagen. Dette slår seg på kvar tredje dag slik at plen og planter overlever varmen.

Treet har komt i jorda. Som de ser tydeleg er ikkje plenen heilt grøn enno. Det er ikkje samme type plengras som heime, men ein sort som toler varmen. Ein stiv sort som ikkje er så behageleg å gå barfot på.

Litt bark på toppen. Mission completed.



Når damene hadde komt heim tok eg og Ingrid bilen og køyrde til St. Anne Catholic Church i Tomball for å være med på messe klokka fem. Ingrid sa etter messa at denne forsamlinga kunne ho ha likt å vore ein del av. Messa var ein fin kombinasjon av det høgtidlege og det liturgiske, med røykelse og ministrantar, leia av ein laidback, uhøgtidleg og karismatisk prest og fengande songar, blandt anna negro spirituals.

På veg inn

Fann ein fin sitjeplass

Mykje folk


Denne kvelden var alle slitne etter nokre litt hektiske dagar. Dei fire som har adresse her la seg tidleg etter at vi hadde sett Stjernekamp. Heile gjengen reiser grytidleg søndag til Lakewood Church. Eg og Ingrid hadde planar om å bli med, men valgte ein roleg slaraffen-søndag istaden. Vi satsar på å bli med neste søndag.

Ingrid la seg også nokså tidleg, så eg avslutta dagen med Kompani Lauritzen.

Life is good.

lørdag 22. mars 2025

Reisedagbok: Tur til Texas - Dag 10

Reise til Houston Texas 12. mars til 14. april 2025.

- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -

Fredag 21. mars

Dagens happening var Field Day, utedag, på skulen til Filippa og Karl. Eg vart med i ti-tida for å sjå på Karl, medan Ingrid vart med i ett-tida for å sjå på Filippa. Det viste seg snart at det som skjedde var svært kjendte aktivitetar. Litt syttande-mai-stemning slik eg hugsar det frå barndomen.
 
Tautrekking
 
 
 
Stolte foreldre

Sekkehopp
 
Øving i samhandling
 

Ballkast. Karl var faktisk treffsikker :) 

 
Veit ikkje kva ein kallar dette :)
 
 
 
Ei oppblåst hinderløype. Eg var for treig så eg fekk ikkje med meg når Karl kom ut :)
 
 
 
Etter å ha henta Ingrid vart det bilvask. Eric vil ha rein bil!
 
 

Så gjekk turen til Lowe´s, eit byggfirma med någo attåt.

Gedigen butikk

Vår plan var å kjøpe materiale slik at eg kan bygge ein benk og eit bord. Vi fann nokre fjøler som hadde grei pris men som var mistenkeleg lette, så vi får sjå kor det går med dette prosjektet.


  

   
Eg vart køyrd heim, og så var det Filippa sin tur.





Ringspel

Ein leik


Å få posar ned i holet

Eg skjønar ikkje kva som skjer her :)



Eg skjønar ikkje kva som skjer her heller :)



Tautrekking


Etterpå vart vi invitert på tex-meks-mat på restaurant Lupe Tortilla. Vi sa ikkje nei til det. Lupe Tortilla har fantastisk mat, men støyniviået er høgt. Samtalane måtte ropast. På toalettet derimot var det meir fredeleg med smektande tex-meks-musikk.



Ankomst på Lupe Tortilla 

Tommy, Cindy og Eric
 

Helga, Ingrid og meg.
 

Manager på restauranten plasserer ein sombrero på Filippa.



Og på Karl

 

Etter ein travel dag, slappa eg og Karl av. Karl sovna og måtte bærast i seng.

 
 
Ein dag med mykje action. Rett og slett.
Vi vaksne avslutta dagen med ein triller på TV, The Gorge, og vi la oss i ett-tida :)




fredag 21. mars 2025

Reisedagbok: Tur til Texas - Dag 9

Reise til Houston Texas 12. mars til 14. april 2025.

- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -

Torsdag 20. mars

Så kom dagen då eg og Ingrid var heime åleine. Utan bil.

Etter ein litt sein frokost med brød eg bakte kvelden før, sette vi igang med dagens prosjekt. Demontering av trampoline. Denne trampolina vart kjøpt for eit par år sidan. Her er ein film frå då den var nesten ny. Her er også Donald Jump i aksjon (ref. dag 5):



Trampolina var ein billig variant, og etter to år med flittig og hard bruk, var den fullstendig utslitt. Så no var tida komen for noko nytt og betre. Der var ein god del rust i sammenføyingane, så vi såg for oss at det kunne bli ein krevande jobb. Men neida, det gjekk som smurt, og etter 20-30 minutt var jobben gjort.





The demolition man.

Ingrid finn roa etter fullført jobb. Observante lesarar ser at appelsintreet ikkje har komt i jorda enno (ref. dag 4). I morgon skal vi kjøpe jord og gjødsel slik at plantinga kan fullførast. I og med at eg skriv dette på fredag kan eg bekrefte at dette no er kjøpt.



Etter ei god kaffepause tok vi oss ein lengre gåtur i moderat tempo, moderat temperatur og moderat vind, samstundes som vi begge høyrde på lydbok.

Gange utandørs, 5,76 km. Den grøne prikken er startpunkt og den raude er sluttpunkt.


Så var det ikkje så mykje meir spennande som skjedde. Eg kan allereie no avsløre at det vert ein god del meir action i morgon.


torsdag 20. mars 2025

Reisedagbok: Tur til Texas - Dag 8

Reise til Houston Texas 12. mars til 14. april 2025.

- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -

Onsdag 19. mars

Idag var Eric på heimekontor. Helga tok buss til jobb. Dermed hadde eg og Ingrid tilgang på bil, og vi bestemte oss for ta oss ein tur til Tomball, favorittplassen vår. Vi skippa treninga, fordi vi hadde litt smerter her og der etter litt for hard springing dagen før.

Ingrid køyrer, eg brukar google maps.

Ingrid i Tomball

Nokre hus

Inne på ein bruktbutikk. Turisten i speilet.

Lunsj på favorittplassen vår, Fire Ant Brewing Company. Bryggeri med restaurant. Eg smakte på ein av dei mange ølsortane dei lagar medan sjåføren drakk cola. Vi bestilte noko vi tenkte var ein lett lunsj, ein porsjon delt på to, men med rikeleg med ostesaus vart det heftig nok.

Moro i Tomball

Det er mykje kablar på kryss og tvers.



Eit typisk tre her i Texas, med lange greiner som strekker seg utover og lagar skuggefulle områder.

I morgon startar prosjektet "ny trampoline".

Det var alt frå ville vesten i denne omgang.

onsdag 19. mars 2025

Reisedagbok: Tur til Texas - Dag 7

Reise til Houston Texas 12. mars til 14. april 2025.

- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -

Tirsdag 18. mars

Då har det snart gått ei veke!

Idag var Eric på jobb i kirka, ungane på skule, og Helga hadde heimekontor.

Helga hadde ei periode tekniske problem med heimekontor-systemet, så då vart vi sitjande i garasjen og snakke om livet. Kjekt, ikkje minst for Helga som er litt underernært på å snakke norsk.

Vi sit å pratar. Ein litt vindfull dag og deilig å sitje i garasjen.
Ingrid strikkar sjølvsagt.


Ellers var det ikkje så mykje som skjedde så då kan det passe å skrive litt om vannavløpsystemet i byggefeltet. Området er flatt, nermast paddeflatt, og det kan til tider bøtte ned enorme mengder med regn. 

I 2017 kunne ein lese på NRK sin heimeside:
"Orkanen Harvey har truffet Houston med uovertruffen styrke, men for millionbyen er det bare den siste i en lang rekke oversvømmelser som har rammet byen." 

Frå flommen i 2017.

Difor, når dei planlegg nye byggefelt, er det viktig å sørge for at alt vatnet får ein plass å renne. Difor er heile byggefeltet omringa av store djupe kanalar som kan ta imot vatnet frå gatene.

1. Vatnet renn først gjennom desse åpningane som det er mange av , i alle gater.

2. Vatnet frå desse åpningane renn så i store rør ned desse åpne kanalane.
Størrelsen på kanalen kjem ikkje heilt fram på bildet, men her er det store dimensjonar.

3. Vatnet hamnar så i denne kunstige innsjøen.

Fjerde fase, som eg ikkje har bilde av, er at vatnet blir pumpa inn i eit stort renseanlegg som ligg inne i skogen ved byggefeltet. Her vert altså vatnet rensa slik at det kan brukast som drikkevatn.

Så langt har vi nesten ikkje hatt regn, berre litt om natta ein av dagane. Like greit.

Ut på dagen kom ungane heim frå skulen:

Cindy henta og bringa ungane i sin Tesla :)

Karl hadde med seg ein lapp frå skulen som han las opp til meg :)

Ingrid laga heimelaga pizza som alle likte.
Så såg vi på TV, barnefilmar før leggetid, og diverse norske program etterpå.
Nok ein storarta dag.


tirsdag 18. mars 2025

Reisedagbok: Tur til Texas - Dag 6

Reise til Houston Texas 12. mars til 14. april 2025.

- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -

Mandag 17. mars

Dagens helgen er Den hellige Patrick av Irland (~389-461) (sjekk ut linken om du vil vite meir om han). Her kallar dei dagen St. Patrick´s day og den blir feira på ymse måtar, men handlar vel mest om øldrikking. Ungane hadde faktisk fri frå skulen i samband med feiringa, men Helga og Eric var på jobb, på heimekontor. 

Vi gjorde ikkje så mykje ut av feiringa her.
Det vart ein ganske vanleg dag i sola, samt trening og faste rutiner.

Slike vanlege dagar går eg gjerne rundt i nærområdet og kikar på ting og tang. Med nærområdet meinar eg innanfor grensa til byggefeltet. Å bevege seg utanfor byggefeltet er ikkje tilrådeleg. Byggefeltet er lokalisert ute på bygda, omgitt av gardar, farmar, ranchar. Vi høyrer stadig kyr som rautar. 

Her er nokre observasjonar frå mine rusleturar:

Bak bakgården der vi bur

Litt av kvart

Baker Cementery, ein privat gravplass. Sist vi var her traff eg på ein
hyggeleg eldre kar her som eg kom i prat med. Det viste seg å være
Mr. Baker himself og han fortalte litt om Baker familien.

Ei typisk eldre poskasse, slik som vi ser i Donald.

Her bur Mr. Baker

Ein falma advarsel, men tydeleg nok til å ikkje åpne grinda og gå vidare.

Ut på dagen vart det avtalt med Erics foreldre at vi skulle møtast på restauranten Texas Roadhouse i seks tida. Texas Roadhouse serverer kjøt, mest raudt kjøt, biff, men også spare-ribs. Dette med store saftige biffar er typisk Texas.



På veg til Texas Roadhouse

Texas Roadhouse



Ankomst


Cindy, Eric, Helga, Ingrid og Tommy.
Vi ventar på bord.

Eit utvalg raudt kjøt i ymse størrelsar

Vi studerer menyen og bestiller


Baren


Moskus på veggen

Maten er servert

Karl og bestefar



Heimkomst