mandag 27. juni 2022

Knarris 315

Sommaren 2019 investerte vi i ein robotplenklippar. Husqvarna 315. Då vi sette den i drift måtte vi legge inn ein del grunleggande data i instillingane, mellom anna navn. Vi gav den namnet "Knarris 315". I daglegtale kallar vi den berre Knarris.
 
I starten var det fascinerande å følge med korleis Knarris, ved å følge heilt tilfeldige retningar, til slutt hadde klipt heile plenen jamnt og fint. Og så vart den slik heile tida, plenen altså. Fint klipt utan at vi trengte å løfte ein finger.


 

Eg oppdaga også ei kjensle, ja ei god kjensle. Det kjentes svært godt å sete og slappe av medan Knarris streva på. Om det var vind og regn, tidleg på morgonen eller seint om kvelden, så observerte eg Knarrisen som jobba på.
 
Av og til var det rein nytelse; å sitje i sola på plattingen med eit glas kald kvitvin og sjå Knarris som trufast klipte graset utan å mukke. Ein trufast tenar. Ein slave. Herskap og tenar. Fyrste og undersått.  Eg er herskapet, fyrsten som berre kan sete og sjå på og nyte livet.
 
No er det no slik at Knarris er ei maskin utan sjel, kjensler, moral og eigen vilje, ein robot, ikkje eit menneske. Berre for å stadfeste det innlysande. Men likevel . . 
 
Denne våren/sommaren har det pågått ein debatt om underordning. Det heile vart utløyst av ein kort kommentar av Sofie Braut i Stavanger Aftenblad, der ho meiner mannen skal vera overhovudet i familien. Seinare har Sofie forklart dette på ein god, grundig og tankevekkande måte i diverse innlegg. Ho har fått mange støtteerklæringar, men det har også vore mange, tildels krasse, innlegg frå folk som ser annaleis på det. Som vanleg er det i kommentarfelta ein finn dei mest ekstreme ytringane. Nokre dreg fram det klassiske argumentet "vi lever trass alt i 2022".
 
Eg personleg har ikkje så sterke meiningar om saka. Eg har vel stort sett tenkt at det klaraste av Paulus sine Gudsinspirerte ord står i Gal 3.28:

 ' Her er ikkje jøde eller grekar, her er ikkje slave
eller fri, her er ikkje mann og kvinne.
De er alle éin i Kristus Jesus. '

Utifrå dette har eg tenkt at mann og kvinne står heilt likt sjølv om vi ikkje er like. 
 
Samtidig skimtar eg noko vakkert i det Sofie Braut skriv. Ho har fleire innlegg i Dagen og Vårt Land, men det meste er vel bak betalingsmur. Begge avisene har gode sommartilbod for dei som vil lese. Det vakre eg skimtar handlar om det å være tenar. Å tene andre. Å gi seg sjølv for andre. Ikkje minst i ekteskapet. Det vakre er at det er Jesus sjølv som er forbilde. Han som vaska føtene til læresveinane. Han som gjekk rundt og tente folk. Han som til slutt gav seg sjølv for oss alle. Han som ofra seg for at vi skal få leve.
 
Han er det som paradoksalt nok er den ultimate Herre og Meister.
 
Det er utfordrande å tene. Meir fristande å herske. Å tene andre går ikkje av seg sjølv, det er ikkje så lett å få til. Men, som Sofie Braut skriv; det handlar ikkje om kva vi får til, men kva vi får.
 
Vakkert, men eg er framleis litt usikker (mest tvilande) på om dette tyder at mannen og kvinna må ha ulike roller, der mannen er overhovud.
 
Uansett.
 
Knarris 315 er "lykkeleg" uvitande om desse problemstillingane og jobbar på. Han har nettop fått utvida området som skal klippast og må "stå opp" tidlegare om morgonen for å rekke alt. Det ser ikkje ut som han bryr seg.

' Her er ikkje jøde eller grekar, her er ikkje slave eller fri, her er ikkje mann og kvinne. De er alle éin i Kristus Jesus. ' Galatarane 3:28 https://my.bible.com/bible/119/GAL.3.28' Her er ikkje jøde eller grekar, her er ikkje slave eller fri, her er ikkje mann og kvinne. De er alle éin i Kristus Jesus. ' Galatarane 3:28 https://my.bible.com/bible/119/GAL.3.28' Her er ikkje jøde eller grekar, her er ikkje slave eller fri, her er ikkje mann og kvinne. De er alle éin i Kristus Jesus. ' Galatarane 3:28 https://my.bible.com/bible/119/GAL.3.28

7 kommentarer:

  1. Har ikkje slik automatisk klipper, men har kone. Har aldri hatt behov for å diskutere underordning med henne. Ho er stort sett kapabel til åstyre seg sjølv, og eg trur vi kjem lengst med å underordne oss kvarandre, altså ta omsyn til kvarandre.

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei. Takk for kommentar. Du kjem opp som anonym, så eg veit ikkje kven du er :). Eg har også ei driftige kone som stort sett klarar seg fint utan mi innblanding. Når det gjeld underordning, så tenker vi ganske likt. Men når eg les det som Sofie Braut skriv, ho er svært flink å ordlegge seg, så vel eg å være litt audmjuk i forhold til konklusjonen.

      Slett
  2. Her er vi berre overordna begge to - og klarer osd godt med det. Èin slik Knarris derimot kunne eg tenkt meg😂😂 Mvh gamlenabo May-Britt ( kjem visst automatisk som anonym)

    SvarSlett
    Svar
    1. He he. Vi er vel i praksis overordna begge her i huset også. Eigentleg syns eg orda over-/underordna lett gjev feil forestilling om kva som foregår. Det er der eg tykkjer Sofie Brauts framstilling av samlivet peikar på noko vakkert :)

      Slett
  3. Nu har jag hittat in! Bra citat från Braut.

    SvarSlett

Signer gjerne med navn viss du ikkje vil være anonym :)