tirsdag 26. mars 2024

Se, vi går opp til Jerusalem

Tirsdag 03.04.2007 sat eg på ein buss på veg opp til Jerusalem.

Det var tirsdag i påskeveka. 

Eg var reiseleiar på ein Israelstur i regi av Fokus Reiser saman med Ingrid kona mi samt israelsmisjonærane Bjørg og Terje Bakke. Dei fleste som var med på turen var frå Sykkylven, med få unntak, blant anna mor mi Oline og søstra mi Oddrun. Eg og Ingrid hadde litt ansvar for aktivitetar/underhaldning om kveldane. Ingrid tok seg av skriftlesing på heile turen. Ho las ein liten bolk knytta til plassane vi besøkte. Eg var ansvarleg for å telje folk på bussen, men måtte overgje ansvaret til Ingrid då eg heile tida kom ut av teljinga.

Dagane før vi kom til Jerusalem hadde vi vore i Haifa, Karmelberget med utsikt mot Harmageddon, Gallilea, ved Genesaretsjøen, båttur over Genesaretsjøen til kibbutz Ma'agan på andre sida av sjøen, saligprisningsberget (bergpreika), Peters fiskeplass, Kapernaum der vi blant anna såg ruinane av huset til Peters svigermor, Huladalen, Cêsarea Filippi med Jordans kilde, Golanhøgda, Tiberias, Kana der Jesus gjorde vatten om til vin, Nasaret, badeparadiset Sachne med varm kilde, Jordandalen, plassen der dei fann dødehavsrullane, Massada og så bading i Dødehavet før vi køyrde oppover i retning Jesusalem.

Ganske hektisk, men svært spennande og kjekt program.

Nokre glimt:

Vakre Ingrid og Konstantin på veg over Genesaretsjøen.

Bedbudelseskirka i Nasaret,
for å hedre minnet om då engelen Gabriel kom med bodskap
til jomfru Maria om at ho skulle føde Jesus, avla ved Den Heilage Ande.



Eg, mor Oline og søster Oddrun på Massada.

JERUSALEM

Og ja, det å kome opp til Jerusalem denne tirsdagskvelden var ein opplevelse. 

Denne byen vi hadde lært om på skulen, sunge om i songar, lest om i Bibelen og høyrt om i nyheitene stadig vekk. 

Denne byen som Jesus og disiplane vandra mot då det nerma seg den jødiske påskefeiringa, ei feiring av utvandringa frå Egypt til det lova landet som flaut av melk og honning.  For Jesus, ei vandring som enda med korsfestinga på Golgata.

Då Jesus gav sitt liv for våre synder etter skriftene.
Eller, det enda ikkje der, det enda med oppståda den tredje dagen. 

Som Paulus skriv i 1.Kor 15:

1 Eg kunngjer dykk, sysken, det evangeliet som eg forkynte dykk, som de òg tok imot, som de òg står støe i. 2 Ved det blir de frelste, så sant de held fast på ordet slik eg forkynte det for dykk; elles blir det til inga nytte at de kom til trua. 
3 For først og fremst overgav eg til dykk det som eg sjølv hadde motteke, at Kristus døydde for syndene våre, som skriftene har sagt, 4 at han vart gravlagd, at han stod opp att tredje dagen, som skriftene har sagt, 5 og at han synte seg for Kefas og deretter for dei tolv.
6 Så synte han seg for meir enn fem hundre sysken på ein gong. Dei fleste av dei lever enno, men nokre har sovna inn.  7 Sidan synte han seg for Jakob, så for alle apostlane. 8 Og aller sist synte han seg òg for meg, eg som berre er eit ufullbore foster.

Eg kan ikkje skrive om alt vi såg og opplevde, berre nokre sentrale glimt og høgdepunkt.

ONSDAG:

Onsdagen starta på Oljeberget der Jesus for opp til himmelen, og der han skal kome igjen for å dømme levande og døde.

På Oljeberget. Ingrid les frå bibelen.

Så gjekk vi ned frå Oljeberget, via kirka Dominus Flevit til Getsemane hage:

Eit over 2000 år gamalt oliventre i Getsemane.

Så gjekk vi vidare til den romersk katolske kirka "Church of all nations" som ligg like ved Getsemane. Inne i denne kirka var det ei heilt spesiell atmosfære:

Church of all nations

Church of all nations

Så gjekk vi inn i gamlebyen. Vi var innom ei kirke ved Betesdadammen der vi song "O store Gud" så det ljoma. Vi gjekk gjennom gata "Via Dolorosa" der Jesus bar korset på veg til Golgata. Vi var på markedet, såg på diverse utgravingar og så gjekk vi til klagemuren.

Bøn ved klagemuren

Turen gjekk vidare til gravkyrkja, også kalla oppstandelseskirka, eit pilegrimsmål sidan 400-talet. Besøket i gravkirka gjorde inntrykk:


Gravkirka reist der nokre meinar Jesus var gravlagd og stod opp igjen.

Dagen vart avslutta på øvre sal, der disiplane tok imot Den Heilage Andre på pinsedag.

Nok ein innhaldsrik dag!

SKJÆRTORSDAG

Dagen starta på Knesset og Holocaustmuseet. Å være på på Holocaustmuseet var hjerteskjærande. Inne i museet vert navnet på kvar enkelt person som døde lest opp. Kvar einaste person! 24/7. I perioden 1938–1945 vart meir enn seks millionar jødar drept. Korleis kunne dette skje? Dette er noko vi aldri må gløyme!

Så gjekk turen til Betlehem, rett ved Jerusalem. Vi måtte skifte ut vår jødiske guide då denne delen då Betlehem ligg på Palestinsk område. I Betlehem hadde vi den beste lunchen på heile turen etter min smak. Eit arabisk bord fylt med dei lekraste velsmakande rettane. Nam nam!!!

Glimt frå Betlehem:

Souvenirbutikk i Betlehem

Konstantin og Mattias spelar fotball utanfor 
den evangelisk lutherske kyrkja i Beit Jala like ved Betlehem

Fødselskirka i Betlehem lokalisert der ein meinar Jesus vart født.

Her meinar dei Jesus vart født.
Det såg nok heilt annleis ut då det skjedde :)


LANGFREDAG

Langfredag hadde vi ein roleg dag, gjekk litt rundt i fri dressur og kosa oss i Jerusalem:

Mor mi kosar seg med ein cola i varmen.
Denne dagen fylte ho 80 år, og dette var feira på hotellet seinare opå kvelden.


LAURDAG

Laurdag tok vi ein svipptur til Joppe. Fin plass.

Joppe. Her budde visst garvaren Simon.
Der Peter fekk openberring om å forkynne til hedningane.

Vidare til Tel Aviv der vi besøkte ei forsamling, og så til Cesarea ved havet der vi besøkte eit restaurert "teater":

Bjarne , Ingrid, eg og Geir syng "Å Jesus du som fyller alt i alle"

Så reiste vi opp til Jerusalem igjen og kosa oss der

PÅSKEDAG (Søndag):

Så var det siste dagen og for mange høgdepunktet.

Denne dagen deltok vi på ei tradisjonell nordisk gudsteneste i Gordons Golgata, som er ein plass der enkelte meinar Jesus vart krossfesta og gravlagd. Kvar lokasjonen var nøyaktig er ikkje så viktig for meg. 

Terje Bakke talar på påskedag i Gordons golgata.

Mor mi, som no er død, og som eg vil sei var ei dame som stort sett hadde god bakkekontakt, uttalte etter denne denne gudstenesta: det var like før eg fekk tungetale! Eg forstår godt kva ho meinte. Det var ein sterk opplevelse.

Så barst det etterkvart heim.

Men, før eg avsluttar vil eg nemne noko viktig eg kjøpte på denne turen. Eg kjøpte nesten ingen ting, men det deg kjøpte har velsigna meg nesten dagleg sidan 2007. Jerusalemstøflene mine. Eg kjøpte dei ein av dagane der i Jerusalem. Tøfler av merket Croks.

Slik ser dei ut idag:

Jerusalemstøflene mine.
Ekte pipegrimsko i gode og vonde dagar.

Se, vi går opp til Jerusalem

Eg minnes desse dagane i 2007 denne veka. Påskeveka. Den stille veka. Eg vil avslutte med ein song vi har sunge mange gongar i den katolske Kyrkja i fastetida som starta på askeonsdag 14. februar.

Se, vi går opp til Jerusalem,
i hellige fastetider
å skue hvor Jesus Krist, Guds Sønn,
i syndernes sted skal lide.

Se, vi går opp til Jerusalem,
hvem ville med Herren våke,
og så som vår himmelske Fader vil,
den smertens kalk å smake?

Se, vi går opp til Jerusalem, 
til Frelserens kors og pine, 
til lammet, som ofres for verdens skyld, 
for dine synder og mine.

Se, vi går opp til Jerusalem,
til staden den evig klare.
Vår Frelser har sagt at der han er
skal også vi med ham være.

(Alle foto i dette blogginlegget har eg teke sjølv)

fredag 22. mars 2024

Den beste versjonen av seg sjølv

Eg har i det siste sett på serien "Kompani Lauritzen" sesong 5, der eitt av hovudmåla for deltakarane er å bli den beste versjonen av seg sjølv. Eg likar serien svært godt. God underhaldning. 

I starten er berre det å ta imot kommandoar og lyde kommandoar utan å mukke, svært vanskeleg for mange. Så blir det etter kvart meir og meir krevjande øvingar og oppgåver, fysisk og psykisk, som verkeleg set deltakarane på prøve. Det er fascinerande når ein person trassar ei frykt eller ein fobi, og ein ser jubelen etterpå. Det er ikkje tvil om at dei fleste kjem ut etter serien som ein betre versjon av seg sjølv, ein versjon som tåler meir, orkar meir, og er blitt frigjort til å gjere ting ein ikkje torde gjere før. 

Kompani Lauritsen - sesong 5

Den kristne versjonen

Eg ser mange parallellar til det kristne livet. Ei side ved det kristne livet handlar nettop om å bli ein betre versjon av seg sjølv. Ordet som blir brukt på denne kristne "Kompani Lauritzen"-prosessen, er heilaggjering eller helliggjørelse som det heiter på bokmål. Mange kristne har eit negativt forhold til dette. Dei meinar det fort blir lovisk eller at det blir eit strev. 

Kvar blir det av nåden? 
Det å kvile i nåden?

I den katolske Kirka er ein meir positive til dette. Ja ein seier faktisk at å prøve å bli helgen (ein annan måte å sei heilaggjering på) er noko som er for alle. Kirka har opp gjennom historia utvikla mange verktøy ein kan bruke i denne prosessen, for eksempel tidebøner, rosenkransbøner, skriftemål og bibelmeditasjon;  lectio divina eller ignatiansk, kontemplativ bøn, gå til messe på søndagar og så vidare. Der er fleire.

I møte med ikkje-kristne, i prat eller kommentarfelt, får ein gjerne inntrykk av at dei ser på kristne som slike som trur dei er betre enn andre, eller framstår som betre enn andre, men som eigentleg ikkje er det. Og så er der desverre mange historier som støttar den siste påstanden, der til og med prestar og pastorar og kristne leiarar har levd eit dobbeltliv. Dei har svin på skogen. Dei har hemmelegheiter som ikkje tåler dagens lys. Veldig, veldig trist, men sant.

Det er ei kompleks spørsmålstilling eg har rota meg inn i. Mykje av det som gjer det komplekst er alle dei negative erfaringane, dei negative verdsbileta, dei negative observasjonane (leiarar, prestar, pastorar som sviktar) og kampen inne i meg sjølv. 

Er eg den beste versjonen av meg sjølv?

Istaden for å prøve å svare på dette, noko som ville ha vore svært krevande, vil eg berre kaste fram ein proklamasjon og ein visjon:

Å bli det vi er skapt til

Når eg ser på mitt eige liv, er det ikkje så mykje å skryte av. Der er sjølvsagt mange ting eg har fått til som eg er stolt av. Ikkje minst at eg har vore gift med Ingrid i snart 46 år, og mine tre barn, og sju barnebarn. Det eg meinar er dette med å være ein god person, der veit eg ikkje om eg har så forferdeleg mykje å skryte av. Men det eg har forstått gjennom lesing av Bibelen og teologiske bøker, er at det å være menneske, på ein måte er å vere ein skugge av seg sjølv. Hadde vi vore heilt og fullt det vi er skapt til, hadde vi vore heilt og fullt lykkelege, frie og fylt med fred, tilfreds og aktive med å spre denne herlege røyndomen. 

Men eg er ikkje der. Kansje glimtvis, men på det jamne nei.
Eg er ikkje der.
Eg er ein skugge av meg sjølv. 

5 - 7 mars i år var eg på ein konferanse i Bjärka-Säby i Sverige. Konferansen var arrangert av Ekumeniska Kommuniteten i Bjärka-Säby med Peter Halldorf i spissen. Storparten av deltakarane var prestar i den svenske og den norske kirke, medan ein god del av talarane var katolske eller ortodokse. Tema for mange av dei handla nettop om det eg skriv om her.


Slottet i Bjärka-Säby der mange seminara fann stad.
Eg hadde eit herskapeleg rom i tredje etasje til høgre.

Katolsk biskop i Trondheim stift, Erik Varden, var kansje den som var mest konkret. Med sin bakgrunn som trappistmunk i England, tok han utgangspunkt i St. Benedikts "Regel Vita"som dei brukte som hjelpemiddel i klosteret.

Her er mitt eksemplar av Benedikts regel.
Den kan kjøpast på St. Olav bokhandel
 

I sitt innleiande foredrag sa han at St. Benedikt brukte å stille alle som ville bli munkar eller nonner nokre innleiande spørsmål. Det første spørsmålet var; "Vil du bli lykkeleg?". Erik Varden la til ein kommentar: "Viss svaret er nei, så finnes det mykje enklare måtar å bli ulykkeleg på enn å følge St. Benedikts regel". 

Som sagt, handla fordraget om å verte lykkeleg, heil, fri og så vidare. Det handla om å bli den beste versjonen av seg sjølv ved å bli den vi er skapt til å vere, alle vi som er skapte i Guds bilete.

Sjølv om eg slit med dette er det samstundes noko eg lengtar etter.
Ein sterk lengsel.

I mai 2021 skreiv eg eit blogginlegg med tittelen "Fokus" der eg er inne på noko av den same "problematikken". Som avslutning, etter å ha skrive om å praktisere tidebøner og andre ting, skreiv eg:

"Gjennom dette har eg fått ein lengsel etter å trenge enno djupare, kome enno nermare Gud, livets kjelde, kome nermare Jesus, få skarpare fokus, få bort all støyen, så eg kan høyre og sjå klarare og klarare."

Eg har kanskje teke nokre små museskritt etter dette?
Eg er ein pilegrim på vandring som vert inspirert av "Kompani Lauritzen" til å satse, våge, hoppe ut i det, gå inn i stadig nye vakre landskap.

So help me God.







søndag 4. februar 2024

Perspektiv

Perspektiv handlar om å sjå ting & tang frå forskjellige vinklar. For å forstå ting & tang trur eg at det er viktig, nettop dette, å sjå frå forskjellige vinklar. Eg kjenner meg litt priviligert som har fått lov til nettopp det. 

Kanskje eg har vore heldig, kanskje eg har oppsøkt det, i alle fall; eg har hatt nokre erfaringar som har gitt meg perspektiv på ein del ting. Ting & tang eg meinar er vesentlege. 

Nokre av desse perspektiva fekk eg i 1990-91. Eg arbeidde då i eit firma i Bergen som som heitte Bailey Petrovest AS, eit bergensfirma som som hadde bygd seg opp med å levere (selge, installere, sette i drift) eit avansert amerikansk kontrollsystem som heitte Bailey Controls og hadde sitt hovudkvarter i Wickliffe Ohio.

I 1990 fekk eg tilbod  om å være med på eit prosjekt i Qatar; North Field, beståande av fleire plattformer i Den Persiske Gulf for å ta opp naturgass, og eit landanlegg i Qatar for å prosessere gassen til forbruk. Grunnen til at Bailey Petrovest  vart forespurt var at det var ein krig i emning, nemleg den Amerikanske  "invasjonen" av Irak for å stanse Saddam Hussein som 2. august hadde invadert Kuwait. Amerikanarane som hadde det opprinnelege prosjektet såg det som ein stor risiko å følge opp oppstarten av gassproduksjonen nettop fordi dei var Amerikanarar. 

Utreise var rett før jul

North Field i den persiske gulf.

Det første som møtte meg etter ankomst på flyplassen i Doha, var ei kjensle av å bli sett ned på. Eg var ikkje ein av klanen. Klanen, det innfødde herrefolket, emirane og deira familie og slektningar, dei som eig landet og styrer det som ei familebedrift. Eg var berre ein skarve hjelpar, ein tenar, ein arbeidar.

Eg henvendte meg i informasjonsluka i ankomsthallen, der det skulle ligge eit skriv om korleis eg skulle bli håndtert. Eg viste fram pass og eit skrivet som viste kva eg gjorde i landet. Den kvitkledde mannen i luka lot som han ikkje høyrde kva eg ville. Han bad meg sette meg ned å vente. Eg studerte mannen der eg sat i 15-20 minutt. Det såg ikkje ut som han hadde det travelt, og eg spekulerte på kva som var problemet. Eg fekk ei ekkel kjensle av at noko var gale. Så manna eg meg opp og gjekk bort til luka igjen og spurte ein gong til om skrivet.

Mannen såg ikkje ut til å reagere, men etter ei stund kom han og såg på passet og prosjektskrivet mitt igjen, og så gjekk han sakte bort til ein bunke med papir og tok til bla roleg gjennom den. Eg pusta letta ut då han fann eit skriv, gjekk bort til ein telefon og ringte til nokon. Så kom han og sa at ein mann, eg hugsar ikkje navnet, ville plukke meg opp utanfor flyplassen og køyre meg til hotellet.

Så enkelt var det altså. Kvifor hadde han ikkje gjort dette med ein gong?

Så gjekk det slag i slag. Mannen, ein hyggeleg engelskmann dukka opp og køyrde meg til hotellet. Dagen etter køyrde han meg til helikopter-flyplassen og så vart det helikoptertur ut i den persiske gulf, ut til North Field.

Ute på platforma var det eit anna regime som møtte meg. 

Prosjektet vart leia av eit fransk/engelsk team og no var eg ein del av dette teamet, ein del av klanen. I boligriggen var der to kantiner. Vi i klanen åt i ei kantine som hadde eit skilt over inngangsdøra der det stod "For Europeans Only". Ei heilt grei kantine, men mykje spicy mat (indiske kokkar). I etasjen under var der ei anna kantine, ei mykje større kantine, for resten av bemanninga, mykje indarar og filipinarar. Ein gong eg var innom denne kantina la eg merke til at dei ikkje hadde bestikk. Dei åt med hendene.

Vi fire ifrå Bailey Petrovest fekk også ein hjelpar, ein inder. Han skulle liksom hjelpe oss med alt muleg frå å kvesse blyantar, hente ting til oss, bære instrument, kablar eller anna utstyr som måtte bærast når vi skulle ut i felt. For oss var dette sjølvsagt vanskeleg å forhalde seg til. Vi fekk etterkvart kjennskap til at han tente omlag ein amerikansk dollar pr. dag, og at han hadde vore ombord i nesten eit år utan å få reise heim til familien sin. Vi vart også etter kvart klar over at dette var ein viktig jobb for han, at han følte seg privilgert som kunne ha ein slik jobb og sende pengar heim til familien sin. Med dette perspektivet var det lettare å ta i bruk tenestene hans, det var trass alt viktig for han å behalde jobben. For å lette litt på vårt eige samvit, sponsa vi han med nokre ekstra dollar no og då.

"Operation Desert Storm", var planlagt 17. januar

I samtale med Ingrid vart eg informert om at det vart sagt på nyheitene i Norge at flyplassen i Doha ville bli stengt natt til 17. januar. Eg hadde returbilett 20. januar. Eg tok kontakt med arbeidsgjevar for å prøve å endre billett, men fekk til svar at det var vanskeleg å gjere noko med. Då tok Ingrid kontakt med Bailey Petrovest og gjekk så hardt på dei at dei gjekk med på å endre biletten. Eg fekk plass på eit fly som gjekk 16. januar i 9 tida om kvelden, tre timar før stenging av flyplassen. Flyet var nesten fullt, så eg måtte ta til takke med å reise på første klasse, noko eg takka JA til. Det var også litt styr med å booke om helikopter. Den franske plattformsjefen var ikkje særleg medgjerleg, men eg insisterte så godt eg kunne, og så ordna det seg.

På flyplassen vart eg stansa fordi eg hadde ein kniv i handbagasjen. Det var ein suvenir-dolk beregna på brevåpning. Eg vart dradd bort til ein gjeng kvitkledde som diskuterte høglydt på på arabisk. Dei var sinte og spurte meg om alt muleg. Eg spelte litt dum og naiv, og etterkvart skjøna dei at det var det eg var. Dei gjekk med på at kniven vart sendt i den andre bagasjen min, altså ikkje inne i flyet, og så slapp dei meg omsider ombord.

Då eg sette meg ned, nesten fremst framme, mellom kvitkledde sjeikar og emirar, og fekk servert sjampanje og snacks, ja då kjende eg meg ekstremt lukkeleg. Då vi letta frå bakken, brusa det i meg. Eg kom meg ut, og til slutt heim til mine kjære.

Eg må fortelje noko frå den siste turen også, ut på hausten i 1991. Denne gongen jobba eg på landanlegget ute i ørkenen. Nokre dagar før heimreise tenkte eg at måtte kjøpe med meg litt gull til min kjære Ingrid. Som tenkt så gjort. Eg gjekk inn i ei av dei mange gullsjappene i Doha. Etter kvart hadde eg plukka ut ein ring, øyredobbar og eit armband. I det eg stod og skulle betale la eg merke til ei dame frå klanen, kledd og tildekka i svart frå topp til tå, som også skulle handle gull. På desse gullsjappene var det slik at det ein ville kjøpe vart lagt på ei vekt, og så betalt du utifrå dagens gullpris. Vel, denne dama oppførte seg som ho var i ein godteri-butikk. Ho peika, prata høglydt og gestikulerte heilt til vektskåla var heilt full. Så betalte ho. Det må ha kosta ei formue. Det eg kjøpte vart berre småtteri i forhold. Då slo det meg. Desse folka er ustyrteleg rike. Ufatteleg rike.

Eg fekk nokre nye perspektiv på livet gjennom desse reisene.

Om det å være med i klanen eller ikkje.
Om det å være rik. Kven er rik?
Om krig og fred.
Om heim og familie.



torsdag 7. desember 2023

Kome, kome no korrebæane mine!

Eg vaks opp på eit lite (svært lite) småbruk der vi hadde nokre sauer. 

Barndomsheimen min på Rovde.
Eg og Ingrid, kona mi, flytta tilbake dit i 2016 og har ikkje angra på det. 

Som sagt, vi hadde sauer då eg var liten, og eg hugsar at desse vart slept fri opp i fjella om våren, og henta ned igjen om hausten. Eg har mange minner frå denne haustsankinga, og eg hugsar spesielt at mor mi hadde eit lokkerop når vi hadde funne ut kvar dei var. Ho ropte "kome, kome no korrebæane (sauene) mine!". Av og til kom dei av seg sjølv.  Andre gongar måtte vi springe det beste vi kunne i ulendt terreng for å kome rundt dei og jage dei i rett retning nedover dalen.

Vi snakkar om lokking. Det var noko med den kjente stemma til mor mi som av til vekte eit slags minne (?) i sauene, sikker eit minne om god mat og godt stell, slik at dei berre kom.


Sauer på fjellet.


Dette med lokking får meg til å tenke på ei anna form for lokking.

Gud som lokkar oss.
Jesus, den gode hyrden, som seier "kom til meg".

Kva kan Gud lokke med? Kva har Gud å bidra med som er forlokkande?

Nytelse

For mange år sidan las eg ei bok av ein kjent amerikansk pastor og teolog som heiter John Piper. Boka heitte "Desiring God - Meditations of a Christian Hedonist". Eg er ikkje samd med Piper i alle teologiske synspunkt, men på dette området meinar eg han er inne på noko vesentleg.

Ein hedonist er ein som er oppteken av nytelse. Hedonisme er eg generelt skeptisk til, men kristen hedonisme slik Piper legg det ut er noko heilt anna. 

Boka handlar om eit utsagn i kortversjonen av Westminster katekisme som er eitt av trusdokumenta for mange protestantiske/reformerte kirker.

Utsagnet er slik:

Spørsmål: Kva er menneskets viktigaste mål?
Svar: Menneskets viktigaste mål er å ære Gud (a) og nyte han for alltid (b).

(Skriftreferansar for dei som vil grave litt i dette:
(a) Sal. 86:9, Jes. 60:21, Rom. 11:36, 1 Kor. 6:20, 10:31, Åp. 4:11
(b) Sal. 16:5-11, 144:15, Jes. 12:2, Luk 2:10, Fil. 4:4; Åp.21:3-4)

Det Piper mediterer over i boka er om dette kan omskrivast litt og framleis være sant:

Menneskets viktigaste mål er å ære Gud ved å nyte han for alltid. Boka konkluderer med at dette er sant og at Gud er aller mest æra når vi nyt han aller mest

Korleis kan vi nyte Gud? 

Tankar om det motsette

Eg har tidlegare hatt forestillingar om at kristendom ikkje handlar om nytelse. Eg trur også mange andre tenker dette idag. At ein tenker at som kristen må du gjere mange ting som du ikkje har lyst til, og slutte med ting du har lyst til. Kanskje fordi ein har vakse opp med ei form for streng vestlands pietisme der alt muleg, for eksempel strikking på søndagar, var gale.

For å illustrere dette vil eg fortelje ei lita historie.

Rundt 1982-83 budde vi på Melhus, og ein kveld hadde vi besøk av eit vennepar frå sunnmøre. Ut på kvelden gjekk mannen inn på kjøkenet og fann ei halvfull flaske med vin i kjøleskapet. Vin vi hadde brukt  til matlaging. Han fylte litt vin opp i eit glas og kom inn til oss andre og sa at no skulle han gjere tre synder på kort tid. Så tok seg ein slurk vin, dansa han rundt på golvet og sa "steike det!". 

Tre synder på rappen; vindrikking, dansing og banning.

Vi log godt, men det var faktisk eit alvor bak. Noko som var litt tungt og trist.

Så, kvar kjem kristen nytelse inn i bildet?
Korleis kan vi nyte Gud? 

Dette kunne eg ha gitt eit langt svar på, men eg vil berre kort konstatere at vitnesbyrdet til millionar av kristne opp gjennom tidene seier at eit møte med Gud, ein nær relasjon til Gud, gir nytelse. Mange, men ikkje alle, vitnar også om ein svært sterk nytelse, ein nytelse som kanskje best kan kan samanliknast med forelskelse eller sterk kjærleik, ja til og med ekstase.

Desse kjenslene, erfaringane, opplevelsane har i enkelte kristne kretsar hatt større fokus. Enkelte gongar har dette fokuset komt inn på eit feilspor, der ein har jakta på opplevingar og kjensler, også kalla svermeri. Ein har søkt opplevingar og kjensler i staden for å søke Gud. Og det forståeleg. Skal eg være ærleg, så har eg av og til gjort det sjølv.

Katolsk lokking

Etter at eg vart katolikk har dette med lokking vorte meir sentralt. For å sei det litt enkelt, så opplever at Kirka er god på å lokke meg til ein sterkare og sterkare relasjon til Gud. Lokkinga skjer ved å presentere mange forskjellige klassiske disiplinar. Disiplinar som er vegar til møte med Gud, vegar til glede, vegar til å nyte Gud. 

Desse disiplinane vert ikkje presentert som tekniske øvingar, men som vitnesbyrd frå kirkefedre, helgenar, munkar og nonner som opp gjennom tidene har erfart og ofte reindyrka å leve i Guds nærvær, og nyte det. Paradokset i mange av desse disiplinane, er at dei inkluderer forsakelse. Men det er eit anna tema. 

Vegane er mange, eg vil berre kort nevne to her.

Vi blir for eksempel lokka til å gå til skriftemål. Bekjenne våre synder for ein prest. Å gå til skriftemål er som å ta ein dusj. Det er ein nytelse etterpå. Du kjenner deg heilt rein og velduftande.

Først og fremst blir vil lokka til å gå til messe.
I alle fall på søndagar. 

På messa er Gud fysisk til stades. Når vi går til nattverd og tek imot brødet og et, så er det eit fysisk og intimt møte med den levande Gud. Ein av måtane å skildre eukaristien (nattverden) på, er at det er eit intimt møte mellom brudgommen Jesus, og bruda Kirka, eller meg for å gjere det meir personleg, der dei to blir eitt. Dette kan av og til kjennast og nytast. Det kan være djupt rørande. Andre gongar er ikkje kjenslene der, men realiteten er den same, uavhengig av kva ein kjenner.

Samstundes er det i katolsk samanheng, slik eg har oppfatte det, lov å nyte livet. Livets goder og gleder som Gud velsignar oss med. Gjennom naturen, mat, drikke, felleskap, humor og så vidare. Også det seksuelle. Innanfor klart definerte rammer. Det siste er eit alt for stort tema til å gå inn på her.

Kling no klokka, ring og lokka frå tusen tårn!

Til slutt, eit lite hjartesukk. Noko eg lengtar etter. Noko eg drøymer om. 

Når eg besøker eit land der Den Katolske Kirke (DKK) er dominerande, til dømes Spania eller Polen, så skjer det noko kvar ein einaste dag som eg elskar. Kirkeklokkene ringer. Dei ringer og lokkar. 


Kling no klokka!


I DKK er det ikkje berre søndagsmesser, men også kvardagsmesser og spesielle festmesser. Og klokkene ringer og lokkar. Skal tru om det var slik her på Rovde i middelalderen, i den katolske stavkirka som var her? Tenk om det hadde blitt slik igjen! Det er lov å drøyme.

Vi nermar oss Jul, og då passar det med ein julesang av Elias Blix, om leikande lokking:

Kling no, klokka! Ring og lokka,
ring og lokka frå tusund tårn!
Tona um frelsa! Kalla og helsa,
kalla og helsa med fred Guds born!
Kling no, klokka! Ring og lokka,
ring og lokka frå tusund tårn!

Songar sæle, englemæle,
englemæle med livsæl ljod!
Far gjennom grender, strøym over strender,
strøym over strender som toneflod!
Songar sæle, englemæle,
englemæle med livsæl ljod!

Englar kveda: Høyr den gleda,
høyr den gleda som her er hend!
Ljoset er runne, livet er vunne,
livet er vunne: ein Frelsar send.
Englar kveda: Høyr den gleda,
høyr den gleda som her er hend!

Sæle stunder, store under,
store under og løyndoms skatt!
Møyi vart moder, Gud vart vår broder,
Gud vart vår broder i julenatt.
Sæle stunder, store under,
store under og løyndoms skatt!

Barn er bore. Barnekåret,
barnekåret ved det me vann.
Anden no føder oss til hans brøder,
oss til hans brøder, Guds born som han.
Barn er bore. Barnekåret,
barnekåret ved det me vann.

Sjå, det dagast, snart det lagast,
snart det lagast til høgtid ny!
Då skal oss klokka leikande lokka,
leikande lokka til helg i sky.

Sjå, det dagast, snart det lagast,
snart det lagast til høgtid ny!

I all denne leikande lokkinga merkar eg at det er Gud sjølv som lokkar.
Eg merkar også at han lokkar slik som mor mi; "kome, kome no korrebæane mine!"

mandag 23. oktober 2023

Godt Nytt

Vi er ikkje akkurat utskjemte med gode nyheiter for tida. Snarare tvert imot. Krigane i Ukraina og Midtausten. Tusenvis som blir drept. Spekulasjonar om at det vil eskalere og involvere Iran og andre land i Midtausten samt Russland.

Krig og rykter om krig

VG skriv om dette kvar dag.

Som om dette ikkje var nok, sper dei på med andre ting som heller ikkje kan kallast gode nyheiter. Her er eit lite knippe frå dagens avis:








Heldigvis er desse bak betalingsmur, så eg slepp å grave meg ned i detaljane.


I tillegg til dette har vi kraftig auka rente og matprisar, og i enkelte landsdelar svært høg straumpris.
Og så har vi klimakrisen, som skaper mykje uvær rett som det er.

---

Ordet evangelium, som vert brukt om dei fire første bøkene i det nye testamentet tyder godt nyttDette er den latinske versjonen av det greske ordet evanglion, og det tyder altså godt nytt eller god bodskap. Det er eit ord som ikkje først og fremst er bibelsk. Det var eit ord som vart brukt om ein kongeleg/keisarleg seiersbodskap eller om fødselen til ein konge/keisar eller når ein konge/keisar kom til makta.

Så når Cæsar vart keisar så vart dette gjerne kunngjort med oppslag her og der, oppslag som gjerne vart lest opp høgt. På oppslaget kunne det for eksempel stå: Cæsar, son av gudar (han vart kalla det), har no fått herrevelde (makta). Cæsar er herre!

Evangeliet om Cæsar.

Den aller første og enkle trusvedkjenninga dei første kristne brukte var; Jesus er Herre! (1. Kor. 12:3, Rom 10:9)

Evangeliet om Jesus Kristus.

Då kan vi lett forstå at denne vedkjenninga som dei kristne brukte kunne være farleg å uttale. Det ein skulle sei for å være trygg var at Cæsar var Herre. Mange plassar vart Cæsar dyrka som ein Gud, og det var generelt krav om lydigheit til Cæsar, viss ikkje kunne det bli farleg. I Cæsars rike måtte du underkaste deg Cæsar for ha eit håp. Cæsars rike var gjennomsyra av makt, sverd, krig, drap . . . og korsfestelse.

Jesus kom/kjem for å representere, og demonstrer eit anna rike, nemleg Guds Rike. Jesus forkynte evangeliet om Guds Rike, der det er Jesus som er Herre, ikkje Cæsar. Verdiane som blir formidla er totalt motsatt av det Caesar formidlar. Jesus seier i bergpreika, elsk dine fiendar, be for dei som forfylgjer dykk, døm ikkje andre (ikkje leik Gud og driv og døm andre) tilgi kvarandre og del med kvarande. Elsk kvarandre. Sæle dei som skaper fred, dei skal kallast Guds born, seier Jesus.


Hebr 12,14

Dette er Godt Nytt.

Dette skjedde for to-tusen år sidan. Kven er Herre idag?

Som kristen vil eg sei:

Jonas Gahr Støre er ikkje Herre.
Kong Harald  er ikkje Herre.
Vladimir Putin er ikkje Herre.
Xi Jinping er ikkje Herre.
Ali Khamenei er ikkje Herre.
Joe Biden er ikkje Herre.

Eller nokon andre. I alle fall ikkje med stor H.

Jesus sa i gårsdagens (søndag) evangelietekst; «Så gjev då keisaren det som høyrer keisaren til, og Gud det som høyrer Gud til.» (Matt 22:21). 

Pater Krystian hadde ein svært god tale over temaet då vi besøkte St. Sunniva Katolske menighet i Molde i går. Eg vil nøye meg med å sei at å gi keisaren det som høyrer keisaren til, handlar om, så langt det går å forhalde seg til politiske myndigheitene på ei best muleg måte (f.eks. betale skatt) innan visse grenser (f.eks. etiske grenser), medan å gi Gud det som høyrer Gud til, handlar først og fremst om å gi seg sjølv til Gud.

Vi er hans skaparverk.
Vi er hans.
Vi høyrer Gud til.

Vi kan overgi oss og sei Jesus er Herre.

Eller vi kan synge denne songen som vi sang av full hals då eg var ungdom:

He’s got the whole world in his hands.
He’s got the whole wide world in his hands.
He’s got the whole world in his hands.
He’s got the whole world in his hands.

Eller på Norsk:

1. Han har den hele vide verden i sin hånd,
han har den hele vide verden i sin hånd,
han har den hele vide verden i sin hånd,
ja, han har verden i sin hånd.

2. Og han har stjerner, sol og måne i sin hånd,
og han har stjerner, sol og måne i sin hånd,
og han har stjerner, sol og måne i sin hånd,
ja, han har verden i sin hånd.

3. Og han har alle barn på jorden i sin hånd,
og han har alle barn på jorden i sin hånd,
og han har alle barn på jorden i sin hånd,
ja, han har verden i sin hånd.

4. Og han har deg og meg og alle i sin hånd,
og han har deg og meg og alle i sin hånd,
og han har deg og meg og alle i sin hånd,
ja, han har verden i sin hånd.

Dette har vore trøsta og håpet for millionar av menneske i vanskelege tider (minst like vanskelege som no), opp gjennom tidene. Mange har også erfart at Gud har gripe inn på konkrete måtar. Det finns drøssevis av vitnesbyrd om slike ting. Det er skrive drøssevis av bøker om slike ting.

Det er godt, midt opp i alt som skjer, å legge alt i Guds hender.


søndag 8. oktober 2023

Messe i Volda, og ein profeti.

I går, laurdag 7. oktober 2023, var eg på katolsk messe i Volda. Det var godt å vere med på messe i Volda igjen etter eit langt avbrekk, ein tre vekers tur til våre kjære i Houston Texas. Vi var på katolsk messe i Houston også, nermare bestemt i Magnolia. Og det var fint, men det er altså forsamlinga i Volda som er vår forsamling.

Dessverre er det messe i Volda berre ein gong i månaden. For oss som er bygde-katolikkar, må ein då spe på med messe i Ulsteinvik og Ålesund, eller sjå den på TV. 


Uppheim i Volda.

I Volda vert dei fleste messene gjennomført i ei bygning som heiter Uppheim, samlingsstaden til Volda KFUK-KFUM. Messene er oftast i kjellarlokalet,  ikkje av dei mest estetiske lokala eg har sett. 

Likevel er det godt å være der. I går var det spesielt godt. Det var ei sånn god atmosfære, og det er det oftast. Også pater Waldemar har registrert dette. Etter messa sa han at det alltid er så godt å kome til Volda, fordi det er så god atmosfære. Det er Den Hellige Ånd, sa han med eit smil.

I talen nevnte diakon Svein Kvamsdal ein gamal profeti av sjølvaste Sigrid Undset. Nobelprisvinnaren i litteratur, som no har fått selskap av ein annan katolikk, nemleg Jon Fosse. 

I 1927 profeterte Sigrid Undset at antal trufaste kristne i Europa ville minke. Ho forutsåg imidlertid også at det ville kome misjonærar frå andre verdsdelar som ville snu utviklinga og føre den kristne, katolske trua tilbake til Norge. 

Sigrid Undset har fått rett i begge deler, sa biskop Bernt Eidsvig i ein tale i 2013. Du kan lese meir om talen og profetien i denne bloggen; Sigrid Undsets profeti går i oppfyllelse nå

No, ti år seinare er det enno meir tydeleg det som skjer. Den katolske kyrkja har vokst mykje og den mest nærliggande forklaringa på det er nettop at det har kome svært mange katolikkar frå andre land, mange andre land, og blitt verande her. Og alle desse set sitt preg på messen.

Ja dei er absolutt misjonærar.
Sjølv om dei kanskje ikkje ser på sjølv som misjonærer.

Dei har med seg noko som er gull verdt for oss innfødde. Dei har med seg noko som dei har vakse opp med, noko dei har fått inn med morsmelka, noko som sit i kroppen, ekte og levande. Og smittande.

Når eg såg rundt meg på messa, så var sikkert 80 - 90 prosent av dei som var der opprinneleg frå eit anna land. Kor mange nasjonar som var representert veit eg ikkje. Uansett; dei sang, dei knelte, dei korsa seg. Dei uttrykte alvor og respekt, glede og fridom. 

Der var også nokre innfødde gjestar tilstades, ikkje katolikkar etter alt å døme. Eg såg på dei at det gjorde inntrykk det som gjekk føre seg. Jauda, pater Waldemar hadde nok heilt rett. Den Heilag Ande var der og gjorde sitt verk.

Guds rike kom nær.
Himmelen kom nær.

Eg ber om det skal utvikle seg slik at vi får messer i Volda kvar veke, også på kvardagar.
Eg dristar meg også til med å be om eige lokale, eit eige estetisk lokale.
Amen.

 


fredag 11. august 2023

Dongeribrok

Eg kjøpte mi første dongeribrok, eller mine alle første jeans som det heiter på nynorsk, ned med han Sørn, han Sørn ned på kaia. Eg var vel elleve tolv år vil eg tru. Søren A. Rovde heitte han, og han hadde ein liten butikk ned på kaia med ein lang disk der han stod bak med ein blågrå lagerfrakk på seg. Han henta og slo inn varer. Dei hadde litt av kvart på den butikken, mellom anna dongeribukser, det vil sei jeans, av merket Wrangler.

Skal eg være heilt ærleg så det ikkje naturleg for meg å seie brok. Eg har budd i/på Trondeim, Valderøya, Oslo, Sykkylven og Bergen og dialekta har vorte litt utvatna og blanda. Det er heller ikkje naturleg for meg å seie jeans. Det høyrest litt for pent ut. Bukse eller bokse som eg seier på dialekt er det mest naturlege. For eksempel dongeribu(o)kse, eller olabukse. Olabukse seier eg forresten aldri utan at eg veit grunnen til det..

Ned med han Sørn, han Sørn ned på kaia, kjøpte eg alstå ei Wranglerbukse. Eg hugsar lukta av den enno. Den lukta litt amerika tenkte eg. Også buksemerket bak gav meg amerikavibbar, der Wrangler vart skrive med eit tau som eg straks tenkte var eit lassotau, lasso slik som kåbboiane (cowboyane) brukte. Var det noko eg identifiserte meg med og drøymde om den den tida så var det kåbboiar og indianarar, og eg og andre ungar i nabolaget trena stadig på å kaste lasso og fange kvarande. Av og til kunne det bli dramatisk og ein vart fanga, bunden til eit tre i skogen og forlatt. Men det gjekk alltid bra til slutt. 


Wranglerbukse
.
 

Seinare så har det vorte mange dongeribukser. Dei har fulgt meg heile livet. Bokstavleg talt fulgt meg steg for steg. Typisk pilegrimsbukse. 

Kvar det vart av denne Wranglerbuksa veit eg ikkje, men det eg veit er at den fort vart avleggs. Ut over i syttitalet forstod vi etter kvart at vi måtte ha slengbukse, og dei stakkars mødrene rundt omkring måtte til å sy inn kile i dei gode gamle buksene våra slik at dei fekk sleng. Men det beste var sjølvsagt ei heilt ny dongeribukse med sleng.

 


Eg og bror min Svein Olav med slengbukser.
Sikkert dongeri.
Her skyt vi med luftgevær.


Nokre tok etter kvart i bruk platåsko også. Der gjekk grensa for meg. Eg brukte aldri platåsko!

Så kom 80 og 90-talet, med mange rare for ikkje å sei stygge moter. For dei som ikkje trur meg, så er det berre å sjå filmar frå den tida. 80-talet var verst. Forferdelege bukser og ikkje minst hårsveisar. Eg hugsar kona mi Ingrid hadde ei lang breiskuldra lyseblå (eller turkis) kåpe på slutten av 80-talet, då vi budde på Valderøy. Eg kan idag ikkje skjøne kvifor Ingrid skaffa seg ei slik kåpe. Men som sagt, ser ein filmar frå den tida så gjekk alle rundt med slike breiskuldra greier. 

Vi vert påverka. Det er berre å innsjå det.

Appropo slutten av 80-talet. Denne tida jobba eg i Liaaen Helitron i Ålesund, på eit prosjekt i samarbeid med eit fransk firma som holdt til i Nantes. Prosjektet heitte Øst-Frigg, der det skulle installerast tre fjernstyrte undervannsbrønnar (subsea). Mitt ansvar var fjernstyringa, det vil sei å sørge for at ventilar skulle kunne opererast og at temperatur og trykkmålingar skulle kunne avlesast frå skjermbilda i kontrollromet på Frigg-feltet. Samt mykje automatikk, det vil sei at ventilar gjerne vart automatisk åpna og stengt basert på trykk og temperaturmålingar. Det var eit artig prosjekt. Når eg ser tilbake på livet, så vil eg tru at dette var det artigaste prosjektet eg har vore med på. Vel, nok om det. Eg skal skrive om bukser.

Ei periode av prosjektet, vel eit halvt år, jobba eg stort sett i Nantes. Denne tida hadde det blitt moderne med klorluta dongeribukser. Det tenkte eg at eg måtte prøve, så eg tok å kjøpte klor, fann fram eit av mine dongeribukser, hadde på klor her og der, lot den ligg litt og skylde den så i varmt vatten og hengde eg den opp til tørk. Så vart den etter kvart tørr. Eg meinar det var laurdag og eg tenkte eg skulle gå meg ein tur inn til sentrum i fineveret og kjøpe meg noko godt å ete. Som tenkt så gjort. Eg tok på meg den tørre buksa, ei t-skjorte og joggesko og tok fatt på gåturen frå Rue de l'Ouchette 64, nedover Bd Joules Verne mot sentrum. Ein omlag tjue minutters gåtur. Sola skein, det var passeleg varmt og eg var svolten. Eg sprada nedover og følte meg tøffare enn toget i klora dongeribukse. Då eg nerma meg sentrum og det vart tettare med folk, kjende eg at buksa tok til å verte litt laus. Eg drog den opp, stramma beltet og gjekk vidare. Då eg var nesten heilt nede i sentrum kjende plutseleg litt luft som strøymde inn under ei av lommene. Då såg eg det. Buksa var i ferd med å gå i oppløysing. Eg snudde meg varsamt og lista meg tilbake. Det gjekk greit. Prøvde ikkje fleire gongar.

I 2007 gjorde eg noko uvanleg. Eg var inne på Dressmann på Moa og tenkte å kjøpe meg ei heilt vanleg dongeribukse. Eg fann ei av merket Batistini som sat greit. Ikkje for trang og smal og med litt stretch i livet. Billig var den også. Det var då eg gjorde noko som eg aldri hadde gjort før. Eg kjøpte tre bukser. Saken er at eg har alle tre enno. Eg veit ikkje kva desse er laga av, men det verkar som dei er nesten uslitelege. Eg har har hatt mange andre dongeribukser denne perioden frå 2007 til 2023, Levis, Henry Choice, Lee og så vidare, og felles for alle er at det etter fire fem års bruk blir hål her og der, spesielt på venstre kne, då eg ofte sit med høgre fot over venstre kne. Men ikkje desse Batistini-buksene. 

Nokre vil kansje innvende at det er fordi eg har tre bukser, og det kan no være litt av forklaringa, men eg har ikkje akkurat vore forsiktig med dei. Eg har arbeidd i dei, fiska, gått fjelltur, mala veggar, alt muleg har eg utsett desse buksene for, og dei er nesten like "fine". 


Ei av dei tre Batistinibuksene,
litt slitt og mest på venstre kne,
men ingen hål.

Så har det altså vore ei periode med såkalla "skinny jeans". Altså slike stretchbukser, meir eller mindre pølseskinn-tettsitjande. Eg skal innrømme at eg har brukt slike. Eg skal også innrømme at eg framleis har slike i skapet og som eg har slutta å bruke. Det vart plutseleg klinkane klart for meg at menn i min alder kansje ikkje er så tøffe i "skinny jeans". Spesielt etter at det tok til å dukke nokre illustrasjonar på temaet "eldre menn med s"skinny jeans"" på nettet (facebook), som til dømes denne:


 

Vegen vidare veit eg ikkje.

Kansje eg berre skal gå tilbake til barndomen, satse på Wranglerbukse, utan sleng, uklora, ikkje tilsitjande, ikkje utslitt før kjøp, men som blir lysare etter kvart som dei vert slitt, slike dongeribukser som dei hadde på 60-talet. Viss eg er fornuftig kjøper eg Batistini på Dressmann, eller så kan eg berre bruke dei eg har. Dei varer sikkert lenger enn meg.




onsdag 28. juni 2023

Då vi møtte kirkeveggen

Eg tok ein bestemmelse då eg tok til å blogge; eg ville ikkje skrive noko negativt om det kirkesamfunnet eg var ein del av frå 1995 til 2015, det vil sei 20 år. Kirkesamfunnet var Vineyard. Eg ynskjer heller ikkje å skrive noko negativt no, men peike på noko som eg trur kan være eit generelt problem for framoverlente forsamlingar som vil prøve å snu sekulariserings-trenden i Norge.

Etter sterke opplevingar og møte med ein levande Gud, først på Oase i 1994, så i Oslo Vineyard og det som etter kvart vart Ålesund Vineyard i 1995, hoppa vi uti det og starta Sykkylven Vineyard i 1996. Plutseleg hadde eg og Ingrid vorte pastorar på deltid og fritid. Ganske urutinerte men svært brennande. Vi fekk ein flying start og rundt millenniumskiftet hadde vi vorte omlag 80-90 medlemar. Så stagnerte det litt.

I 2008/2009 kjente vi på kall til gå vidare. Vi ville starte ei Vineyard forsamling i Bergen. Vi såg for oss at det skulle verte ei stor forsamling, i alle fall større enn i Sykkylven. Alt la seg til rette med jobb, hus og flytting, og vi starta opp forsamlinga med eit lite team på 8-10 personar. Det var krevande frå starten av, noko vi hadde rekna med, men det var også mykje bra som skjedde.

For å gjere ei lang historie kort, ein haustdag i 2015 sa det stopp. Eg greidde ikkje meir og Ingrid greidde ikkje meir. Vi var totalt tomme. Alt vi hadde brent for i 20 år, alt vi hadde levt og ånda for baud oss no imot. Vi var skuffa på Gud, oss sjølve og andre. Vi var desillusjonerte. Vi hadde møtt kirkeveggen.

Eit møte med kirkeveggen.

Eg og Ingrid har brukt lang tid på å bearbeide og reflektere over dette. No, snart åtte år seinare, er vi framleis prega. Vi vart såra, skada, og vi kjenner på det enno. Det er framleis vondt å tenke på at det vi brukte så mykje tid, pengar og energi på, enda slik det gjorde.

No skal eg ikkje overdrive. Vi har det kjempebra, men dette møtet med kirkeveggen ligg der som eit traume som ikkje forsvinn så lett.

Når eg har reflektert over kva som gjekk galt, så er det sjølvsagt mange mange små og store ting ein kunne ha nevnt. Mykje var sjølvsagt vår eigen feil. Feilvurderingar, feilsatsingar og kansje litt naive forventningar. 

Men der er eitt begrep eg vil dra fram som eg trur er vesentleg.
Begrepet er resultatorientert.

Etter milleniumskiftet vart det etterkvart mykje snakk om vekst. Kva skulle til for å verte ei veksande forsamling. På leiarsamlingar og sommarleirar fekk vi besøk av pastorar som kom frå store veksande forsamlingar. I ei tid der sekulariseringa tok fart i Norge, saug vi til oss metoder som skulle få fart i sakene. Vi vart resultatorinterte.

Vineyard er ei karismatisk rørsle, det vil sei at ein trur at Gud verkar gjennom teikn, under, profetiar og helbredelsar idag, på same måte som disiplane til Jesus erfarte. Slikt som vi kan lese om i apostelgjerningane. 

Dette trur eg på framleis. Den katolske kyrkja har alltid hatt med denne dimensjonen.

Men det som sneik seg inn på dette området handla også om resultat. Vi fekk høyre historier frå den og den forsamlinga der det skjedde store ting. På konferansar og sommarleirar var det gjerne slike vitnesbyrd ein ville ha fram. Slike som kunne vise til resultat. Til inspirasjon og oppmuntring. For å styrke trua.

Men for oss som ikkje hadde så mange slike erfaringar, som hadde bedt for mange sjuke folk utan resultat, vart dette ikkje til inspirasjon og oppmuntring. Som syndige menneske kjente vi oss meir og meir ubrukelege. Teoretisk og teologisk visste vi sjølvsagt at var fullt ut brukbare, men psyken sa noko anna.

Når det samstundes, for meg, spesielt på jobb (ingeniørjobb ABB), vart meir og meir fokus på resultat, at ein skulle være effektive, framoverlente, pro-aktive og eg veit ikkje kva, så vart det for mykje. Det toppa seg, og eg møtte altså kirkeveggen.

Slik kan det gå.

Eg trur det eg har skrive kunne ha skjedd i svært mange kirkesamfunn, og at mange, spesielt pastorar og kikeplantarar (slike som startar nye forsamlingar) kan kjenne seg igjen i delar av det eg skriv. 

Så.

To ting eg vil sei til slutt:

  1. Vi er evig takksame for alt det fine og gode vi erfarte i Vineyard-tida. Vi har mange fantastiske minner, og møte med mange fantastisk kjekke folk, norske, svenske, danske, amerikanske, engelske, kanadiske og så vidare. 
  2. Min konklusjon er at forsamlingar først og fremst bør ha Guds-fokus, ikkje resultat-fokus. Kun Guds-fokus. Jesus-fokus. Så får vi overlate resultat til Gud. Når eg skriv at eg konkluderer slik, kan det verke som det er min gode ide, men det er det ikkje. Det er ein Jesus-ide, eller snarare eit Jesus-løfte. I Matteus 6:33-34 seier Jesus: "Søk først Guds rike og hans rettferd, så skal de få alt det andre i tillegg. Ver difor ikkje urolege for morgondagen; morgondagen skal uroa seg for sitt. Kvar dag har nok med si møde."


tirsdag 27. juni 2023

Identitet

Eg har lenge tenkt på å skrive dette innlegget. I og med at eg skriv dette i juni, så tenker vel mange at eg vil kaste meg inn i den heite debatten om kjønnsidentitet og Pride, men det var ikkje det som var tanken, i alle fall ikkje direkte.

I Store Norske Leksikon står det: "I psykologien er identitet en opplevelse av sine egne egenskaper og likheter med og forskjeller fra andre mennesker. Det grunnleggende identitetsspørsmålet er «Hvem er jeg og hva er min plass i verden?» I utviklingspsykologien er hovedspørsmålet når identiteten dannes og hvordan det skjer." 

Spørsmålet eg utforskar er; kvar er eller kvar har eg min identitet? Eg var litt inne på den same tematikken då eg skreiv mitt første blogginlegg: Kva skal eg bli? Den gongen var det berre nokre veker til eg skulle verte pensjonist, og eg lurte på kva eg skulle bli når eg vart stor. 



Identitet

Identitet handlar om kva eg identifiserer meg med og kva eg ikkje identifiserer meg med. Kva er eg? Kven er eg? Kva vil eg være? 

Kva svarer eg når folk spør kva eg er, kva eg gjer på? 

Det var lettare då eg jobba som ingeniør. Då var svaret; eg er ingeniør. Eg jobbar med det og det. Kjedeleg men greit nok.

Ei stund var eg både pastor og ingeniør. Då kunne eg sjå an kven som spurte, og tilpasse svaret etter det.

Ei stund jobba eg i NAV. Eg hugsar eg likte å svare at eg jobbar i NAV. Litt fordi det er mange som ikkje likar NAV.

No er eg pensjonist. Eg kjenner på at det ikkje er like kult å sei det til folk. Det er litt som å sei at no er det slutt, og så er det liksom så kjedeleg og vanleg. Det er svært mange som er pensjonistar. Altså svært vanleg. 

Eg har faktisk lenge, så lenge eg hugsar, hatt min identitet i at eg ikkje er sånn som alle andre. Eg likar å gå i utakt med flokken og stå litt skeivt på oppstillingsbilete. Etter at eg vart katolikk, likar eg å sei at eg er katolikk fordi det er litt uvanleg. I Norge. Paradoksalt nok så er katolisismen den vanlegaste forma for kristendom på verdensbasis. Men det er ei anna sak.

Eg trur eg hadde likt å svare at eg er professor, eller arkitekt eller arkeolog eller psykolog når folk spurte meg om kva eg var. Men eg har ikkje vore noko av dette. Ein kan ikkje lyge på seg ein identitet.

Er det noko eg er stolt av og som er sentralt i identiteten min, er det at eg har vore gift med samme dama i snart 45 år, at vi har fått tre flotte barn, og sju flotte barnebarn. Eg er pappa. Stolt pappa.

Andre ting eg er stolt av og identifiserer meg med:
- eg er mann
- eg er norsk
- eg er rovdestranding
- eg er knardaling
- eg er musikalsk
- eg har auge
- og så vidare

Så.
Handlar dette om kva eg gjer, eller handlar det om kva eller kven eg er?
Handlar det kun om følelsar eller også realitetar?

Eg er ganske tynn og lett, men har gjennom åra opparbeida meg ein liten kulemage som eg ikkje identifiserer meg med. Eg føler meg ikkje som ein mann med kulemage. Faktum er at eg har kulemage.

Appropo NAV. Då eg jobba der fekk eg eit innblikk i "livets skuggeside", folk som mista jobben, folk som var sjuke, folk som mista jobben fordi dei var sjuke, folk som var plaga med eitt eller anna på ein så alvorleg måte at dei vart uføretrygda. Eg fekk innblikk i kva dette gjorde med folk. Eg fekk ein forståelse av kva det betyr for sjølvbildet, ja identiteten, å være i arbeid, gjerne eit meiningsfylt arbeid. Være til nytte.

Som kristen, viss eg var ein from kristen, så skulle eg vel helst ha skrive, "eg har min identitet i Jesus Kristus, eg har min identitet i at Gud elskar meg". Uavhengig av kva eg held på med som pensjonist, uavhengig av kva eg har oppnådd, uavhengig av kva eg føler, så skulle vel dette ha vore svaret. Fasiten.

Er det så enkelt?
Ja.
Men i praksis er det ikkje så enkelt, og det er eit svar som ein ikkje kan slenge ut på ein lettvint måte. Det er eit svar som stikk djupt djupt inn i rota av kven eg er og kva eg er skapt til å være. Det må pakkast ut og drøvtyggast om igjen og om igjen for å fatte det. Det er ikkje så lett å ta inn.

Det handlar om at vi er Guds born.
Vi er adoptert.

Vi er elska med ein type kjærleik som vi ikkje er i stand til å forstå fullt ut. Ein ubetinga kjærleik.

Å jasså, seier du kanskje. Må du ikkje gjer sånn og sånn, tru og meine dei rette tinga og være snill og grei. Må du ikkje gjere masse greier som du ikkje har lyst til og slutte med masse greier som du har lyst til?

Nei det handlar ikkje om det.
Guds kjærleik er ubetinga. Du kan ikkje gjere noko for at Gud skal elske deg meir og du kan ikkje ikkje gjere noko for at han skal elske deg mindre.

Gud berre elskar, og det han har for oss er berre godt. Det aller beste. 
Det er ikkje han det står på, det er oss det står på, om vi vil ta imot. Åpne oss opp og ta imot.

Eg har prøvt å åpne meg, og av og til har eg vore einig med det David seier i salme 18:20: " Han førte meg ut i ope land og fria meg ut, for han si har glede i meg. "

Å, kor eg kunne tenkt meg å presentere dette svaret til dei som føler dei ikkje har fått det til, dei som er sjuke, dei som har opplevd tragedie på tragedie, dei som ikkje fekk seg familie, dei som har familie som har gått i oppløysing, dei som føler seg utstøytte og forakta, dei som føler dei ikkje duger til noko, dei som ser mørkt på livet og vegen vidare. Og alle andre.

Ein som er fanga i mørkret.


Alt eg nevnte i starten om identitet, kva vi føler vi er (eller ikkje er), kva vi identifiserer oss med (eller ikkje), kva vi gjer på (eller ikkje), kva vi er stolt av (eller ikkje) og så vidare; etter mi meining er ikkje dette vår verkelege identitet.

Det vi verkeleg er, er søner og døtre av den levande Gud.
Ein sterkare identitet finnes ikkje.