lørdag 12. april 2025

Reisedagbok: Tur til Texas - Dag 30

Reise til Houston Texas 12. mars til 14. april 2025.

- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -

Torsdag 10. april

Heimeåleinedag.
Jobba litt med hønsehuset.
Drog på HEB og kjøpte grillmat.
Gjengen kom heim.
Grilla.
I korte trekk.

Bilda talar for seg sjølv.

Ingrid veg opp bananar. Ikkje til grilling.

Vi fyller varene i Tahoen.

I ei pause såg vi finalen på 71 grader Nord.

Fått på halve taket og ein del hønsenetting.

Helga slappar av etter jobb. No har ho to fridagar, men det er mykje som skjer. Førebuing til Karl sin bursdag på Fredag, og feiringa på Laurdag.

Vi fyrer opp grillen.



Mor og datter har god kjemi.

Ikkje sant.



Grilling.



Stemningsrapport.



Filming frå alle kantar.



Filippa har visjonar om framtida.



The Master Chef in action.


Grillmat servert. Marinert oksekjøt i tynne skiver, potetsalat, coleslaw og grilla tomat. Det smakte fantastisk.

Jauda. Vi hadde grillpølser også. Trur alle vart mette og vel så det.


Medan vi åt vart det mørkt. God stemning.



Ingrid testar eit nytt framkomstmiddel.



Eg testar også. Mislykka forsøk. Filippa (og Karl) er proff.
 
Dett var dett.
I morgon må eg prøve å fullføre hønsehuset.
Kjenner litt press no.
Ikkje mange dagar igjen.

fredag 11. april 2025

Reisedagbok: Tur til Texas - Dag 29

Reise til Houston Texas 12. mars til 14. april 2025.

- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -

Onsdag 9. april

Tahoen

Idag henta vi Tahoen på verkstedet. Vi køyrde i Teslaen til Cindy. Eric køyrde, eg og Cindy sat på.


Tok ein film av navigasjonsystemet på Teslaen. Bilen registrerer bilar bakom, framom
og på sidene. Faktisk kan den køyre til målet utan at føraren gjer noko. Cindy har
ikkje prøvt denne funksjon. Eg forstår henne :)




Inne på verkstedet.

Her er ein doning som blir reparert.

Diverse greier. Der er sikkert eit slags system?


Her er Tahoen ferdig reparert. Eric meinte giringa hadde vorte meir smooth. So far so good. Bilen skal inn til etterkontroll om nokre dagar for å sjekke om alt er i skjønneste orden.

Cindy køyrde heim med Teslaen. Eg og Eric køyrde på Lowes og kjøpte meir materiell til hønsehuset. Vi kjøpte nokre "plankar/plater" eg tenkte egna seg til tak på høneburet i hønsehuset. Angra litt på valg av materiale. Det var svært vanskeleg å sage. Men men. Vi kjøpte også hønsenetting.

Gladnyheit

Den første av dei fire kyllingane vi skal ha, er klekka ut. 

Ingrid og Helga

Medan eg og Eric sysla med vårt, var Helga og Ingrid i Lakewood Church. Ingrid stod opp klokka seks og blei med Helga på jobb. Eric køyrde dei til The Woodlands og så tok dei buss derifrå til Lakewood.

Her kjem nokre bilder og filmar frå deira dag:

xx

På bussen



Soloppgang



Downtown


Først stakk dei innom ei kaffesjappe på Green Way, rett ved sidan av Lakewood.

Cappuccino

Helga sin kontorplass.

Her arbeider dei med påske-egg til "Spring Fest", der fleire tusen ungar kjem med familiane sine.



Ingrid jobbar og Helga lagar film.


Her går det føre seg. Ingrid var til stor hjelp, ho som er så effektiv. Dei sa at ho godt kunne kome tilbake neste år på same tida, for å hjelpe til igjen.



I lunsjpausa drog dei på sushi-restaurant.

Sushien var litt for dyr sa dei, men veldig god. 


Nam nam


Ingrid poserar fort, før dei sprang til bussen heim.

Det var kjekt å vere med på jobb :). 

I morgon blir det meir snekring og grilling om kvelden.

Det var alt frå denne dagen.

onsdag 9. april 2025

Reisedagbok: Tur til Texas - Dag 28

 Reise til Houston Texas 12. mars til 14. april 2025.

- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -

Tirsdag 8. april


Byggefeltet

Byggefeltet her vi bur er i stadig utvikling. Det er meksikanarar som utfører bygginga, og dei er effektive. Dei spelar meksikansk musikk på nokså høgt volum og står på som berre det. Også i høge temperaturar. Her er nokre bilder frå eitt av områda vi har passert på trimturane våre (frå litt forskjellige vinklar):

17. mars.

27. mars

6. april


26525 Red Clover Dr

Eg må vel innrømme at eg ikkje er like effektiv som desse meksikanarane Eg er trass alt i feriemodus og det er mykje greier som skjer. 

Hønsehuset.


Hengsla dør


Bygging, sol og fuglekvitter.



Fuglekvitter, sol og bygging



Helga likar at det kjem småfuglar til fugleburet.



Ingrid og Filippa leikar i trampolinen.


I morgon skal Tahoen være ferdig på verksted. Girkassa måtte skiftast! No satsar vi på at bilen skal tåle mange fleire år på vegen.

Må også kjøpe hønsenetting og ein del fjøler i morgon for å fullføre hønshuset :) 

Vi tek også til å gle oss til å kome heim og kome i vanleg gjenge. Sjølv om vi storkosar oss her, skal det bli godt å kome heim. Vi reiser på mandag.

Det var alt for idag.



Reisedagbok: Tur til Texas - Dag 27

Reise til Houston Texas 12. mars til 14. april 2025.

- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -

Mandag 7. april

Ny dag, nye mulegheiter.

Først eit bilde av eit bilde på soverommet vårt.

Angelus heiter bildet. Sjå det eg skreiv i innlegget "Angelus på bedehuset". Det gir fred i sjela å sjå dette bildet kvar kveld og kvar morgon.


Hønsehuset

Eg fortsatte på hønsehuset.

Her er eg igang.


No tek det til å ta form.

Eg, Eric og Tommy reiste på Lowes og kjøpte meir plankar og diverse anna. Tommy kjøpte eit måleband med centimeter på til oss. Gjer alt mykje enklare :)

Fire plankar.

Hengsler og lås til døra på hønsehuset.


Etterpå drog vi for å hente ungane på skulen. Fin musikk på "radioen".


Henting av Karl og Filippa.

In and Out

Så vart det bestemt at heile gjengen skulle på hamburger-sjappa "In and Out". Dermed vart det ikkje meir snekring.

På veg til In and Out. Legg merke til skiltet på bilen framom oss. Der står det rett og slett SPOILED (utskjemt). Ja ja :)


Vi går inn på In and Out.

Her har vi sessa oss og ventar på det vi har bestilt.

Her bestiller ein.

Maten har komt, cheeseburger med chips. Chipsen er laga av ferske poteter. Nam nam!

Tilbehør, ketsjup og sylta chilli.

Bibelvers på chips-boksa, Ordtaka 24:16: Sju gonger kan den rettferdige falla
og reisa seg att, men dei urettferdige snublar i det som er vondt.


Bibelvers på drikkebegeret, Johannes 3:16: For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv.

Bibelvers på burger-posen, Johannes´ openberring 3:20: Sjå, eg står framfor døra og bankar. Om nokon høyrer mi røyst og opnar døra, då vil eg gå inn til han og halda måltid, eg med han og han med meg.  

Jada, her er palmer.


Helga og Filippa.



Fint portrett av Filippa.

Ut av In and Out

Ut av In and Out.


Biltur heim i solnedgangen.

Dagen enda med slaraffen på sofaen.

God natt frå Houston Texas.







mandag 7. april 2025

Reisedagbok: Tur til Texas - Dag 26

Reise til Houston Texas 12. mars til 14. april 2025.

- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -

Søndag 6. april

Då vi stod opp hadde heile gjengen reist til Lakewood Church.

Det resulterte i ein svært roleg dag. Stort sett inne. Ute var det kaldt (relativt) og overskya. Iskald vind. Vi kledde på oss og gjekk ein trimtur, men etterpå var det inneliv. Kviledag.

Så idag blir det ein mini-blogg. Berre to bilder.


Her er eit bilde av Karl, teke på skulen og trykt på ein lita kvit flis.
Brikke til å sette kaffekoppen på.

 

Her rugar hønene på egga som skal gi fire kyllingar til Helga og dei.

Kyllingane er altså på veg, men det er tvilsomt om dei kjem i hus før vi reiser. Uansett må hønsehuset gjerast ferdig før vi reiser. Startar med fullføringa i morgon. 

Meir om det i morgondagens blogg.