onsdag 9. april 2025

Reisedagbok: Tur til Texas - Dag 27

Reise til Houston Texas 12. mars til 14. april 2025.

- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -

Mandag 7. april

Ny dag, nye mulegheiter.

Først eit bilde av eit bilde på soverommet vårt.

Angelus heiter bildet. Sjå det eg skreiv i innlegget "Angelus på bedehuset". Det gir fred i sjela å sjå dette bildet kvar kveld og kvar morgon.


Hønsehuset

Eg fortsatte på hønsehuset.

Her er eg igang.


No tek det til å ta form.

Eg, Eric og Tommy reiste på Lowes og kjøpte meir plankar og diverse anna. Tommy kjøpte eit måleband med centimeter på til oss. Gjer alt mykje enklare :)

Fire plankar.

Hengsler og lås til døra på hønsehuset.


Etterpå drog vi for å hente ungane på skulen. Fin musikk på "radioen".


Henting av Karl og Filippa.

In and Out

Så vart det bestemt at heile gjengen skulle på hamburger-sjappa "In and Out". Dermed vart det ikkje meir snekring.

På veg til In and Out. Legg merke til skiltet på bilen framom oss. Der står det rett og slett SPOILED (utskjemt). Ja ja :)


Vi går inn på In and Out.

Her har vi sessa oss og ventar på det vi har bestilt.

Her bestiller ein.

Maten har komt, cheeseburger med chips. Chipsen er laga av ferske poteter. Nam nam!

Tilbehør, ketsjup og sylta chilli.

Bibelvers på chips-boksa, Ordtaka 24:16: Sju gonger kan den rettferdige falla
og reisa seg att, men dei urettferdige snublar i det som er vondt.


Bibelvers på drikkebegeret, Johannes 3:16: For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv.

Bibelvers på burger-posen, Johannes´ openberring 3:20: Sjå, eg står framfor døra og bankar. Om nokon høyrer mi røyst og opnar døra, då vil eg gå inn til han og halda måltid, eg med han og han med meg.  

Jada, her er palmer.


Helga og Filippa.



Fint portrett av Filippa.

Ut av In and Out

Ut av In and Out.


Biltur heim i solnedgangen.

Dagen enda med slaraffen på sofaen.

God natt frå Houston Texas.







Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Signer gjerne med navn viss du ikkje vil være anonym :)