Reise til Houston Texas 12. mars til 14. april 2025.
- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Fredag 4. april
Då vi stod opp hadde Eric og faren allereie ordna plass på verksted samt tauing av Tahoe-en. Då Eric og Cindy kom heim i Cindy´s Tesla modell 3, vart det bestemt å leige ein mini-van for ei veke. Etter frokost og kaffi, køyrde vi med Teslaen til Tomball for å hente bilen.
Samstundes las vi nyheiter om sterkt svekka kronekurs. Ikkje bra! Trump lagar mykje kaos for å sei det mildt.
Uansett, vi bestemte oss for ha ein hyggeleg dag.
 |
Her er det ingen sure miner. |
Topp stemning. Trykk på fullskjerm og skru opp lyden.
 |
Fullskjerm-symbolet finn du nederst til høgre i filmen. |
 |
Ankomst hos bilutleigar. |
 |
Eric ordnar leigebil for ei veke. |
 |
Siste sjekk på bilen. Ein Chrysler mini-van med seks seter. |
 |
Etterpå drog vi til favorittplassen, Fire Ant Brewing Company, for nokre forfriskningar og lunsj. |
 |
Lunsjen er servert. |
 |
Bilen :) |
 |
Så drog vi til ein antikvitetsbutikk med alt muleg rart. |
 |
Diverse greier. |
 |
Helga sjekkar prisen på ei lita veske eller kva det no er. |
 |
Lysestakar. |
 |
Kinamann |
 |
Nokon som hugsar Bobsey-barna? |
 |
Fancy cowgirl. |
 |
Buffalo Bill. |
 |
Knardalingar. |
 |
Damene kjøpte seg ein takeaway-kaffe.
|
Så drog vi for hente ungane på skulen.
Vi passerte ein Tesla Cyber Truck. Litt av ein doning!
 |
Så har vi henta ungane. Romsleg plass til alle. Svært romsleg! |
 |
Seint på ettermiddagen vart det spontan bålpannekos med naboane, Chris, Michelle og Oliver på besøk. |
 |
Ein ball havna bak plankegjerdet igjen, så Ingrid tok seg ein tur for å hente den. Ho knipsa dette bildet ved ein dam ved nabohuset (bak gjerdet).
Ingrid kjem tilbake med ballen og lagar ein liten stemningsrapport.
|
 |
Ei som kosar seg. |
Praten går.
 |
Og det vart kveld. |
 |
Og det vart natt. |
Det var alt frå ville vesten i denne omgang.
Ser knallkjekt ut masse kos der 👋🗽🇳🇴☺️
SvarSlettJepp, vi kosar oss etter beste evne :)
Slett