Reise til Houston Texas 12. mars til 14. april 2025.
- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Torsdag 3. april
Ein dramatisk dag.
Vi vakna av nokre lydar. Det var Cindy som skulle frakte ungane til skulen, men vi forstod at noko var gale. Det viste seg at Karl ikkje var i form. Vi stod difor opp og tok oss av Karl. Etter å ha fått i seg ein eller annan medisin som Eric hadde funne fram, sovna Karl på sofaen og sov fram til tolv. Ut over dagen var han i grei form, så det var vel eitt eller anna forbigåande.
Elles starta dagen roleg. Eg, Ingrid og Karl heime åleine. Etterkvart gjekk eg ut i garasjen for å starte bygging ev hønsehus. Eg vart møtt med ein vegg av varme. Badstue.
Her sagar eg og dreg inn magen.
![]() |
I ein av dei mange pausene tok eg bilde av denne lokale kvepsesorten. Dei er kjempedigre. Heilt ufarlege seier dei, men eg er ikkje så sikker på det. |
Då har eg snekra eine endeveggen. Der skal det være ei hengsla dør som eg skal lage seinare. |
Her er den andre endeveggen ferdig. Litt enklare konstruksjon. |
Medan eg framleis holdt på med siste veggen, fekk vi melding frå Helga om at dei hadde problem med bilen. Noko var gale med automatgiren. Dette førte til at dei måtte køyre i andregir heile vegen heim. Det tok to og ein halv time.
Dei har ein gammal bil (ein gammal god bil), og har hatt ein del reparasjonar. No var dei usikre på kva dette kunne koste. Ny girkasse er veldig dyrt. Kva vil det koste å reparere? Skal dei kjøpe ny bil, skal dei lease? Kva med å kome seg på jobb på søndag og neste veke? Kva kostar det med leigebil?
Etter kvart kom Cindy og Tommy og det vart diskutert ymse alternativ. Vi såg på prisar, Tesla og Toyota el-bil. Nye og brukte. Vi vart trøytte av heile greia. Midt opp i dette oppdaga Eric at ei slags firfisle på kjøkenet. Den hadde sikkert komt seg inn når ei av utedørene var åpne.
Ei slags firfisle. Omlag ti centimeter lang. |
Seinare skulle Eric ta seg eit stykke av sjokoladekaka frå i går som stod framme, og då låg der ei stor flygebille på ryggen ved sidan av kaka og sprella med beina. Cindy tok den og heiv den ut.
Vi avslutta dagen med å prøve å tenke på noko anna og såg på The Voice.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Signer gjerne med navn viss du ikkje vil være anonym :)