søndag 6. april 2025

Reisedagbok: Tur til Texas - Dag 25

 Reise til Houston Texas 12. mars til 14. april 2025.

- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -

Laurdag 5. april

Denne dagen skulle Karl i bursdag-selskap hos nokre kompisar, og måtte køyrast dit. Helga, Ingrid og Filippa blei med på turen. Dei tenkte seg på Outlet Mall, eit stort butikkområde med varer på tilbud. Eg gaddakje å bli med, så då vart det berre eg og Louie som var heime.

Eg tenkte, kva skal eg skrive om då?
Eg fekk ein ide.

Vanlege ting som ser uvanlege ut

Her har eg knipsa nokre daglegvarer, heilt vanlege ting som ser heilt annaleis ut enn i Norge.

Ein melkeliter eller rettare sagt ein melkegallon.

Tørrgjær

Rømme

Majones, eller noko liknande. Smakar litt annaleis.

Smør. Vel, denne ser vel litt normal ut når eg tenker meg om.



Lettkokte havregryn.

Midt på dagen vart det tordenbyger og styrtregn. Koseleg, men Louie likte det ikkje.

Outlet Mall

Det viste seg at Helga også hadde teke nokre bilde og filmar frå Outlet Mall-en. Dei påstod dessutan at dei hadde hatt det veldig kjekt. Tvilar ikkje.


Jentene på shopping.

Ditto

Outlet Mall

Ditto



Ditto


Berre for moro skuld :)

Laudagsmesse

Etter at gjengen kom heim køyrde Eric oss til St. Anne Catholic Church i Tomball for laurdags-messe. Femte søndag i fastetida.

Femte søndag i fastetida blir korset tilsløra. Sløret blir fjerna som del av langfredags-liturgien i påska.



Father (pater/prest) Thomas les dagens evangelietekst.



Eit glimt frå messa. Fin sang.


Nattverdsliturgien er igang

Kveldskos

Dagen vart avslutta i sofakroken.
Vi åt pizza (laga av Ingrid) og kake (kjøpt).
Gjengen la seg tidleg, dei skulle opp tidleg søndag morgon og dra til Lakewood Church.

God natt.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Signer gjerne med navn viss du ikkje vil være anonym :)