torsdag 3. april 2025

Reisedagbok: Tur til Texas - Dag 22

 Reise til Houston Texas 12. mars til 14. april 2025.

- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -

Onsdag 2. april

Nok ein lummer og overskya dag. 29 grader og overskya er ikkje så vanleg heime. Ekstremt fuktig luft var det også. Eric hadde heimekontor, medan vi pusla med vårt.


Eric på heimekontor :)

Ingrid lagar hjerter.

Vi køyrde ein tur på HEB for å kjøpe diverse daglegvarer.

Utanfor inngangen til HEB står ei lita sjappe der du får kjøpt crawfish (kreps) kokkelert på lokalt vis med sterke krydder. Smakte sist vi var her. Kjempegodt. Filippa elskar crawfish!

Billeg biffkjøt i store pakningar. Omlag 92 kroner/kilo. Vi kjøpte pølser og kjøtbollar, samt ingrediensar til sjokoladekake. Pluss pluss.

Nokre gjess hadde valgt å lande på parkeringsplassen utanfor HEB. Eg veit ikkje om det var eit godt valg?

På veg heim. Her er ein typisk situasjon. Kryss med stopp-skilt. Stoppskilta er plassert på alle fire retningane inn mot krysset. Reglane er slik: når du kjem fram til skiltet skal du stoppe og telje til fem før før du køyrer vidare, er der fleire bilar, skal den som kom først køyre først. Fungerer ganske greit. Rundkøyringar finnes ikkje. Ikkje som eg har sett så langt.

Ut på ettermiddagen hamna ein ball over gjerdet mot det gamle nabolaget eg skreiv om i går. Det viste seg at dei hadde teke ned gjerdet sitt for å sette opp nytt. Dermed fekk eg fullt innsyn :)

Det gamle nabolaget.

Det gamle nabolaget.

Huset vårt sett frå baksida av deira gjerde.

Samtundes laga Ingrid sjokoladekake. Karl sin favoritt.

Så laga ho kjøtbollar med pastaspagetti og tomatsaus. Også Karl sin favoritt.



Vi syng for maten.


Karl gaflar i seg

Etter middag reiste eg og Eric på Lowes og kjøpte impregnert materiale til hønsehus. Dimensjon: 1,5" x 1,5". Lengde 8 fot (2,438m).



Det var alt i denne omgang. I morgon startar eg på hønshuset, men det er meldt same værtype som i dag, så det blir nok ikkje særleg effektiv jobbing :). (Noko eg kan bekrefte i og med at eg skriv dette idag, torsdag).

2 kommentarer:

  1. Filippa har forstått oppdraget når det gjeld å synge for maten <3

    SvarSlett

Signer gjerne med navn viss du ikkje vil være anonym :)