Reise til Houston Texas 12. mars til 14. april 2025.
- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Søndag 13. april
(Skrive tirsdag 15. april på Schiphol Amsterdam fordi mandag var avreisedag. Klokka er 9 lokal tid, medan kroppen seier at det er klokka 2 om natta, Houston-tid. Vi har nokre timar til flyet til Ålesund tek av).
Søndag var dagen derpå.
Gjengen reiste som vanleg grytidleg til Lakewood Church, medan eg og Ingrid fekk ein roleg dag heime.
Det var palmesøndag, så vi starta dagen med å sjå palmesøndags-messa frå St. Olav Domkirke i Trondheim. På YouTube.
 |
Her er biskop Erik Varden igang med dagens preike. |
Etterpå gjekk eg meg ein siste roleg rusletur i nærområdet og gjorde nokre observasjonar.
 |
Det har blitt mykje grønare ute no enn det var når vi kom. Ikkje minst på grunn store nedbørsmengder ei av vekene. |
 |
Dette treet hadde så vidt teke til å få blad då vi kom. |
 |
Her er nermaste naboen utanfor byggefeltet i ferd med å få opp eit nytt gjerde. |
 |
Området til nermaste naboen sett frå ein annan vinkel. Idyllisk. Han har ein liten innsjø og ein raud kano. |
 |
Her har eg sett flokkar med hjort, men ikkje idag. |
 |
Når eg går over områda der dei ikkje har bygd hus enno, er der delvis ørken. Då treff ein på slikt som dette over alt. Det er maur som driv på med eitt eller anna. |
 |
Her skal det byggast meir hus. |
 |
Her er hus som nyleg er ferdige. Det vesle huset til venstre er solgt, medan det store ved sidan av framleis er ledig. |
 |
Gjekk ned til den kunstige innsjøen. Viss du ser godt etter kan du sjå to skilpadder. Det er mange av dei, men dei forsvinn så fort du nermar deg. Med mitt kamerautstyr (iPhone 11) vert det vankeleg å få gode bilder av dei. |
 |
Her har vi gått mykje. |
 |
Her også. |
Endå ei av maurtuene. Denne gongen film.
 |
Medan eg gjekk tur hadde Ingrid baka skulebollar. Alltid like populært. |
Elles vart det ein roleg dag. Når gjengen kom heim vart det pizzarestar frå laurdag og ferske skulebollar. Etterpå ein kjapp tur på HEB for gjere nokre innkjøp. Slik gjekk dagen utan store hendingar. Eg og Ingrid tok til pakke sakene våre, medan Helga og Eric hjalp ungane med ting dei måtte gjer ferdig til skuledag på mandag.
 |
Eg og Filippa på selfie. Vi smiler litt rart begge to. |
 |
Helga og Eric hjelper ungane å gjere ferdig ein rakett til Karl. |
 |
Her er den ferdig |
I morgon er det mandag og reisedag, som strekker seg over to dagar. Vi landar i Amsterdam tirsdag morgon, så siste blogginlegget i denne serien kjem eg til å skrive når vi har komt til Rovde.
God natt eller god morgon. Eg er litt i villreie.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Signer gjerne med navn viss du ikkje vil være anonym :)