søndag 13. april 2025

Reisedagbok: Tur til Texas - Dag 32

Reise til Houston Texas 12. mars til 14. april 2025.

- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -

Laurdag 12. april

Ein heftig Laurdag.



Tidleg laurdags morgon tok Ingrid til å gjere klar åtte (!) pizzaer til steiking.




Avduking eller avteiping av skilt til hønsehuset.


Her har skiltet komt på plass. Same navn som hytta vår på fjellet. Det er dessutan eit navn som er svært vanskeleg for amerikanarar å uttale. Eric har designa teipa teksta og :)


Så er siste veggen på høneburet på er ferdig.


No har fleire kyllingar blitt klekka ut slik at Helga og dei har litt å velge i.



Masse pizza er ferdig. Snart klart for selskap.

Maten er servert og gjestane kjem litt etter litt.


Slaraffen i skuggen.



Bursdagselskapet er skikkeleg igang.


Bading og bobler.



Selskapsleik.


Bobler er gøy. Jenta til høgre syntes det var ekstra gøy.


Omlag på dette tidspunktet fekk eg eit slags heteslag. Etter å ha jobba i sola (29 grader i skuggen og kva tempen var i sola må fuglane vete) med saging av plankar og klipping og montering av hønsenetting, for så å ta imot elleville ungar med foreldre, med påfølgande skriking og skråling og musikk på høgtalar, ja då vart det rett og slett litt i meste laget for meg. Eg gjekk å satte meg bak huset der det var litt trekk og skugge. Sakte men sikkert kom energien tilbake.



Bursdagskaka.



Bursdagsang på engelsk.



Bursdagsang på norsk.

Karl blæs ut lysa.




Etter selskapet tok eg til med å netting på døra til hønshuset. Ingrid lagar skugge.



Naboen Michelle kjem til med ei hjelpande hand. 



Jauda, ho har dreisen på det.


Då er døra på plass. No er det berre noko småtteri som står igjen. Det overlet eg til Helga og Eric :)



Ut på kvelden kom Michelle med fam. på besøk og hadde med fantastisk heimelaga meksikansk mat.

Berre å forsyne seg.

Nam nam. Enchilada med mexican rice og diverse tilbehør. Risen smakte fantastisk. Fekk oppskrifta. Alt det andre var også kjempegodt.



Medan vi var godt igang med etinga, var Karl og Oliver opptekne av heilt andre ting. Typisk.



Karl og Oliver har komt for å ete og tek opp eit viktig tema med Chris.


Etter at ungane hadde lagt seg, såg eg, Ingrid og Helga på stjernekamp. Halvveis i programmet gjekk damene og la seg. Eg hadde kvikna skikkeleg til og avslutta dagen med å sjå Kompani Lauritzen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Signer gjerne med navn viss du ikkje vil være anonym :)