fredag 11. april 2025

Reisedagbok: Tur til Texas - Dag 29

Reise til Houston Texas 12. mars til 14. april 2025.

- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -

Onsdag 9. april

Tahoen

Idag henta vi Tahoen på verkstedet. Vi køyrde i Teslaen til Cindy. Eric køyrde, eg og Cindy sat på.


Tok ein film av navigasjonsystemet på Teslaen. Bilen registrerer bilar bakom, framom
og på sidene. Faktisk kan den køyre til målet utan at føraren gjer noko. Cindy har
ikkje prøvt denne funksjon. Eg forstår henne :)




Inne på verkstedet.

Her er ein doning som blir reparert.

Diverse greier. Der er sikkert eit slags system?


Her er Tahoen ferdig reparert. Eric meinte giringa hadde vorte meir smooth. So far so good. Bilen skal inn til etterkontroll om nokre dagar for å sjekke om alt er i skjønneste orden.

Cindy køyrde heim med Teslaen. Eg og Eric køyrde på Lowes og kjøpte meir materiell til hønsehuset. Vi kjøpte nokre "plankar/plater" eg tenkte egna seg til tak på høneburet i hønsehuset. Angra litt på valg av materiale. Det var svært vanskeleg å sage. Men men. Vi kjøpte også hønsenetting.

Gladnyheit

Den første av dei fire kyllingane vi skal ha, er klekka ut. 

Ingrid og Helga

Medan eg og Eric sysla med vårt, var Helga og Ingrid i Lakewood Church. Ingrid stod opp klokka seks og blei med Helga på jobb. Eric køyrde dei til The Woodlands og så tok dei buss derifrå til Lakewood.

Her kjem nokre bilder og filmar frå deira dag:

xx

På bussen



Soloppgang



Downtown


Først stakk dei innom ei kaffesjappe på Green Way, rett ved sidan av Lakewood.

Cappuccino

Helga sin kontorplass.

Her arbeider dei med påske-egg til "Spring Fest", der fleire tusen ungar kjem med familiane sine.



Ingrid jobbar og Helga lagar film.


Her går det føre seg. Ingrid var til stor hjelp, ho som er så effektiv. Dei sa at ho godt kunne kome tilbake neste år på same tida, for å hjelpe til igjen.



I lunsjpausa drog dei på sushi-restaurant.

Sushien var litt for dyr sa dei, men veldig god. 


Nam nam


Ingrid poserar fort, før dei sprang til bussen heim.

Det var kjekt å vere med på jobb :). 

I morgon blir det meir snekring og grilling om kvelden.

Det var alt frå denne dagen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Signer gjerne med navn viss du ikkje vil være anonym :)