mandag 7. april 2025

Reisedagbok: Tur til Texas - Dag 26

Reise til Houston Texas 12. mars til 14. april 2025.

- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -

Søndag 6. april

Då vi stod opp hadde heile gjengen reist til Lakewood Church.

Det resulterte i ein svært roleg dag. Stort sett inne. Ute var det kaldt (relativt) og overskya. Iskald vind. Vi kledde på oss og gjekk ein trimtur, men etterpå var det inneliv. Kviledag.

Så idag blir det ein mini-blogg. Berre to bilder.


Her er eit bilde av Karl, teke på skulen og trykt på ein lita kvit flis.
Brikke til å sette kaffekoppen på.

 

Her rugar hønene på egga som skal gi fire kyllingar til Helga og dei.

Kyllingane er altså på veg, men det er tvilsomt om dei kjem i hus før vi reiser. Uansett må hønsehuset gjerast ferdig før vi reiser. Startar med fullføringa i morgon. 

Meir om det i morgondagens blogg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Signer gjerne med navn viss du ikkje vil være anonym :)