mandag 31. mars 2025

Reisedagbok: Tur til Texas - Dag 19

Reise til Houston Texas 12. mars til 14. april 2025.

- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -

Søndag 30. mars

Stod opp 05:30. Alt for tidleg. Satte sitt preg på dagen.

Eg trykte i meg tre knekkebrød med kokt skinke og drakk litt kaffe. På mystisk vis hamna heile gjengen i bilen utan dramatikk og vi kunne starte ein 45 min køyretur i liten trafikk. Når det er mykje trafikk kan turen ta ein og ein halv time.

Målet var altså å besøke Lakewood Church der både Helga og Eric jobbar. Eric jobbar med grafisk design og Helga jobbar i Kids Life, barnearbeidet i kirka. Lakewood Church er ei såkalla megakirke og samlar omlag 45000 (!) sjeler ein heilt vanleg søndag. Møteplassen er eit ombygd baseball-stadion med vel 16000 sitjeplassar. Det er difor fleire gudstenester i løpet av dagen. To på engelsk og ei på spansk. 

Mykje meir kan seiast, men no let eg bilda og filmane fortelje resten av dagen vår.

Ein trøtt gjeng er på veg.



Morgonstund.


Trafikkmaskin

Nærmar oss downtown Houston

Downtown Houston



Inne i bydelen der kirka ligg.


Nesten framme ved kirka.

Vi slepp av Helga som skal sette igang med jobbing i Kids Life (barnekirke)



Vi parkerer. Ei megakirke treng eit megastort parkeringshus.

Vi må gjennom sikkerheitskontroll før vi slepp inn i kirka. Etter ei dramatisk skyteepisode for vel eit år sidan, vart det gjort tiltak for å unngå slike hendingar.

Hope is rising

På veg inn

Klokka er 07:30 og vi slappar av ved sidan av Eric´s kontor. Første gudsteneste (Service som dei kallar det her) starta kl 8:30.
 

Kontormiljøet til Eric.



På veg til Gudsteneste klokka 8:30.



Here we go.

Så er vi igang

Vi hadde med oss Filippa

Etter kvart kom Helga og tok del.



Intro



Så brakar det laust. Lovsang. Lydopptaket frå iPhonen er for dårleg til å formidle opplevelsen.


Pastorane Joel og Victoria Osteen ynskjer velkomen.



Ditto


Meir lovsang


Meir lovsang


Her er ein kar som er heilt med.

Den gamle mannen

Eg trur eg har besøkt Lakewood tre eller fire gongar. Kvar gong har eg lagt merke til ein gammal mann. Ein som assisterer folk med å finne plass og andre ting. Ein hjelpar. Eg ser for meg at han har vore ein trufast hjelpar i mange mange år, kanskje heilt frå starten i 1959? Difor tenkte eg å hedre han med nokre bilder:

Her er han i aksjon.

Her står han klar med tissues under ei forbønshandling.


Vidare i programmet



Meir lovsang


Pastor Joel preikar

Pastor Joel Osteen preikar. Preika var heilt mot slutten av Gudstenesta.

Etterpå

Etterpå drog eg, Ingrid og Filippa på Starbucks som låg i gangavstand frå kirka. Filippa fekk seg eitt eller anna, hugsar ikkje kva, medan eg og Ingrid lot oss velsigne av kvart sitt beger med kaffe.


Slaraffentid på Starbucks

Tilbake i kirka skreiv Filippa ei lita bøn på ein bønevegg.

Vi kom forbi ein reklamevegg og der dukka Helga opp :)

Mor og datter

I tretida forlot vi kirka og besøkte ei kinesisk fastfood-sjappe og fekk i oss nokre velfortjente kaloriar

Vel heime, etter påtrykk frå Ingrid som meinte eg måtte klippe meg, klipte eg meg. Tok resten etterpå.

Avslappning i sofaen

Etter ein litt heftig dag, gjekk eg meg ein kveldstur heilt åleine og fekk med meg solnedgangen. Tid til ettertanke.


 

søndag 30. mars 2025

Reisedagbok: Tur til Texas - Dag 18

Reise til Houston Texas 12. mars til 14. april 2025.

- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -

Laurdag 29. mars

Planen for dagen var å reise til Tomball og oppleve Tomball German Heritage Festival, ein festival til ære for tyskætta innbyggarar. Så vart planane brått endra. Eric fekk melding om at den nye trampolina han hadde bestilt var på veg. Vi tenkte, kan vi klare begge deler? Men utpå dagen, i varm og fuktig luft, konkluderte vi med å skippe festivalen.

Først eit bilde av Filippa som kosar med Louie.



Her kjem FedEx med pakken



Her tek vi imot pakkane. Pakkane var tunge. Å filme var lett :)



Her har delane delvis utpakka. Temperaturen var framleis leveleg.

Her går det sakte men sikkert framover.



Fjører skal på plass.


Trampolina tek form.

Etter kvart vart det trykkande varmt i sola og vi laga oss ein pauseplass i skuggen.


Jobbing med sikkerheitsnettet.

Vi strevar på.

Og strevar på.

Så endeleg var vi ferdige.




Filippa, Helga og Michelle (nabokona) testar ut den nye trampolina. Den funka alldeles strålande.


Helga og Michelle slappar av etter hoppinga med diverse forfriskningar.

Ingrid laga pizza. God som vanleg.
Alle vart litt segne etter strevet i sola.

I morgon vert eg og Ingrid med til Lakewood Church.
Ei av dei største kristne forsamlingane i USA.

Vi må stå opp grytidleg, så er vi fornuftige vert det tidleg kveld.
Vi får sjå.

lørdag 29. mars 2025

Reisedagbok: Tur til Texas - Dag 17

Reise til Houston Texas 12. mars til 14. april 2025.

- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -

Fredag 28. mars

Dagen starta bra. Fredag er fridag for Helga og Eric, så det var lagt planar. Først var planen å reise til Vintage Park og stikke innom ein sigarbutikk (!!) og så fare på Meksikansk restaurant.


Eric likar å starte dagen med å sjå på Fox News. Her eit innslag om Bruce Springsteen og Johnny Depp som spelar konsert for å hedre Patti Smith.

Eric og Helga sin bil. Ein Chevrolet Tahoe, 2007 modell som som er køyrd godt over 400 000 km.

Ingrid er klar for tur

Lone Star Tobacco

Sigarar i lange baner. Eg såg ikkje ei einaste åtvaring om at røyking er helseskadeleg :)

Gedigent utvalg.

Feite sigarar

Eit sigarmagasin

Eit anna.

Så gjekk turen til Ambriza meksikansk restaurant for å få oss lunsj. Det stod ei seniorita ved inngangen og eg spurte om eg kunne ta bilde av henne og det var heilt greit.

Vi får alltid tortilla-chips og dipp før maten blir servert på denne typen restaurantar. Eit lite måltid i seg sjølv.

Snadder

Allereie her tok eg til å kjenne meg uggen. Prøver å smile.

Ingefær-shots som avslutning. Eg drakk det opp, men vart berre meir og meir uggen.

Siste bildet eg tok.
 

Gjengen hadde fleire planar men av hensyn til meg, vart det bestemt å køyre heim, via HEB der vi blant anna kjøpte røykalaks (omlag like dyr som i Norge) og egg (dyrare enn i Norge).

På veg heim vart eg meir og meir uggen, og tenkte at eg var i ferd med å bli sjuk. Såg litt mørkt på framtida.

Vel heime gjekk eg rett i seng og sov eit par timar.

Når eg stod opp var forma betre. Så vart eg betre og betre og til slutt heilt bra.

Ein litt merkeleg dag. For meg.